Tøff satsing i amerikansk fotball.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 18.02.2010 kl 10:21 Oppdatert 18.02.2010 kl 10:21 |
Bergen Storm, Kvernbit Knights, Åsane Seahawks og Os Wolverines går denne sesongen saman for kunne konkurrera mot norgeseliten i amerikansk fotball.
- Bergen Storm gjekk gjennom heile 2. divisjon i fjor utan å tapa, men vi har nok ikkje mannskap til å takla toppdivisjonen like bra. Dessutan veit vi at det er ein del spelarar i dei andre klubbane i området som heldt for høgt nivå til berre å spela 2. divisjon. Dette er hovudgrunnane til at vi har tatt initiativ til eit samarbeid, seier styreleiar og tilretteleggar i Bergen Storm, Thomas Midtun til Nh.
I helga gjekk den aller første treningscampen for det nye samarbeidslaget av stabelen i Nordhordlandshallen, med godt frammøte.
Planen er å få til i alle fall ein treningskamp før sesongen tar til 17. april.
- Også breiddetilbod
Det nye samarbeidslaget kjem, under leiing av Bergen Storm, til å melda på tre lag i seriesystemet denne sesongen.
Førstelaget spelar i 1. divisjon, den høgaste divisjonen i landet. Dei to resterande laga spelar i 2. divisjon. På denne måten får alle eit tilbod.
- Det er eit viktig poeng for oss. A-laget spelar alltid for å vinna, men vi skal også vera ein breiddeklubb med tilbod for absolutt alle. Det er det som er så fint med amerikansk fotball, dette er ein sport ein kan ta del i uansett storleik og fasong, og ingen skal koma til oss og ikkje få spela kamp, seier Midtun til Nh.
Midtun reknar med at nysatsinga har ein base på rundt 100 spelarar å velja mellom, men på ei god treningsøkt er det gjerne 60 som deltar.
Trenarteamet vert leia av den tidlegare NFL-proffen Ryan Bathea.
- Kan ikkje hata kvarandre
Tanken om eit samarbeid mellom dei fire klubbane i Bergensområdet byrja å svirra i fjor sommar, då leiinga i Bergen Storm kom fram til at alle var tent med å gi dei beste spelarane i distriktet eit så godt tilbod som mogeleg.
- Alle knivar jo mot kvarandre på bana, men sporten er altfor liten til at vi kan driva å hata kvarandre etter at kampane er ferdig. Difor byrja vi å tenka samarbeid. Forbundet stilte seg veldig positiv til det heile, så då heiv vi oss rundt, fortel Midtun som også tok initiativ til å starta den såkalla åttarligaen for eit par sesongar sidan.
- Åttarserien vil bestå, men det er eit haustprosjekt som går etter at den nasjonale serien er ferdigspelt, seier han.
- Merkar Superbowl-effekten
Amerikansk fotball er i vinden i Norge som aldri før, og når no TV-kanalane har fatta interesse for sporten, gjer det underverk for interessa til folk.
- Vi merkar veldig godt Superbowl-effekten for å seia det slik. Vi arrangerte stort Superbowl-party i Bergen på Superbowl-søndag, og rundt 200 kom. Etterpå har eg åleine hatt ein straum av telefonar og e-postar av folk som vil byrja å spela. Det at eg fekk ein e-post klokka 04.26 natta etter Superbowl frå ein som ville byrja seier vel det mest, seier Midtun og gliser.
Det at sporten er i vekst, og at stadig fleire forstår reglane, håpar Midtun vil gi seg utslag i publikumstal når sesongen tar til for alvor.
- Vi tar mål av oss å verta det tredje beste tilskodarlaget i Bergen etter Brann og Fyllingen Handball, fortel Midtun.
Siste kommentarar