Lokale eldsjeler heidra.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 16.02.2010 kl 12:37 Oppdatert 16.02.2010 kl 13:54 |
Kjell Tore Karlsen vart lurt trill rundt i helga, og returnerte frå det han trudde skulle vera eit informasjonsmøte med eit honorært æresstipend for lang og tru teneste i bagasjen.
Den mangeårige eldsjela i Austrheim-idretten, Kjell Tore Karlsen, ante fred og ingen fare då sonen Tor-Eivind spurde om han ville ha den siste av tre plassar Austrheim/Lindås hadde vorte tildelt under Hordaland Fotballkrets sitt leiarmøte på Thon Hotel på Kokstad lørdag.
Under påskot om at dei skulle orientera om samarbeidslaget Austrheim/Lindås sette far og son Karlsen og Jan-Terje Sætre kursen mot Bergen by.
- Eg fekk spørsmål om eg ville vera med, og det takka eg ja til. Hadde ingen aning om kva som var i vente, seier ein lattermild Kjell Tore Karlsen til Nh.
Heilt uførebudd
Under møtet vart det delt ut prisar til fleire unge og håpefulle spelarar i kretsen.
Også eldsjeler som har gjort mykje for klubbane sine vart heidra.
Mellom desse var Bjørn Ove Myking frå Hordabø, som fekk Norges Fotballforbund sitt honorære leiarstipend, i form av diplom og sjekk på 2500 kroner for jobben han har lagt ned i Hordabø idrettspark, Hordabøhallen og elles fotballen på Bø.
Avslutingsvis vart også kretsen sitt honorære æresstipend for lang og tru teneste delt ut til ein kar frå Åsane som ikkje var til stades.
- På dette tidspunktet skjøna eg heller ingen ting, sat berre stille og fordrageleg. Så ropte dei brått opp mitt namn, fortel Karlsen.
- Veldig kjekt
Som ein av to fekk også Karlsen kretsen sitt honorære æresstipend for lang og tru teneste.
- Eg synest det er veldig kjekt å få denne utmerkinga. Det må eg seia. Eg har jo halde på nokre år, og å få ei honorær tildeling er jo stort. Ekstra kjekt når det var ei så stor overrasking. Eg ante verkeleg ingenting, seier han til Nh.
Æresstipendet er for lang og tru teneste, og er det nokon som passar denne skildringa så må det vera nettopp Kjell Tore Karlsen.
Heilt sidan 1973 har han tatt del i idretts- og kulturarbeidet i Austrheim kommune og idrettslag, og merittlista omhandlar alt frå friidrettsformann, via A-lagstrenar i fotball til speaker og ansvarleg for Austrheim-cup. (Sjå ramme)
For hovudpersonen sjølv fell dette heilt naturleg.
Hjartebarnet Austrheim-cup
- Eg synest det er veldig kjekt å jobba med ungdom, og då særleg innan fotball. Det er dette som har vore kjekkast av alle kulturaktivitetane i Austrheim eg har vore innblanda i. Arbeidet gir meg mykje, og eg håpar at eg kan bidra til å skapa eit godt miljø i kommunen, Kan eg det gjennom mitt frivillige engasjement, ser eg på det som veldig positivt, seier han.
Det er spesielt Austrheim-cup som er hjartebarnet til den mangeårige eldsjela.
- Det som er så kjekt med denne cupen er at vi er ein veldig bra gjeng som jobbar, og heile turneringa har ein god stil. For oss er det ikkje om å gjera å få mest mogeleg med pengar inn i kassa, men å visa at idrettslaget og kommunen står for noko positivt og kan gi folk ei kjekk oppleving, seier Karlsen til Nh.
Siste kommentarar