Innan tre år har radværingen Ole Kristian Nøttveit eit klart mål om å nå pallen i rally-EM.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 14.03.2007 kl 11:13 Oppdatert 14.03.2007 kl 14:14 |
Når EM i rallycross startar i Portugal 5. mai, er det med Ole Kristian Nøttveit frå Manger på startstreken. Nøttveit har dei siste åra gjort det svært så bra bak rattet her heime, og framfor årets sesong har han tatt sjansen på å avansera nokså drastisk. Radværingen stiller i år nemleg til start i EM i sin nye Ford Focus 4x4 T 16, bilen Tommy Rustad kom på tredjeplass med i same meisterskap i fjor. Og ja, rallycross er same grein som legendariske Martin Schancke herja i årevis. Løpa går over heile Europa, og mediamerksemda er enorm.
Nøttveit er som heilt fersk i gamet å rekna. Riktig nok har han kjørt mykje rallycross i si tid, men klassen han no stiller i, er ei heilt anna verd.
- No er det firehjulstrekk og turbo, og alt er heilt nytt. Eg fekk prøva meg i nokre rundar i fjor, og erfaringane eg har med meg derifrå, er at nivået er utruleg høgt. Men eg gler meg som ein liten unge til å koma i gang, seier Nøttveit til nh.
Gutedraumen
Første EM-runde går i Portugal 5. og 6. mai, og etter denne skal det kjørast minst ni løp til fram til september. Nøttveit deltar i alle løpa, og målet er å gjennomføra og forbetra seg heile vegen. Det er tross alt debutsesongen til den sindige sjåføren.
- Eg ser veldig fram til å kjøra, men eg trur nok ikkje eg hevdar meg i toppen i år. Når det er sagt er det eit heilt klart mål for meg og teamet å nå pallen innan tre år, seier han til nh.
For Ole Kristian Nøttveit er det han no gir seg ut på ein gutedraum som går i oppfylling. Han har alltid likt bilar og bilkjøring, og med god hjelp frå arbeidsgjevaren sin i AGR og andre samarbeidspartnarar, har han fått slå seg laus på banene rundt om i landet i fleire år. Og han har gjort sine saker godt. Fleire NM-titlar er beviset. Og no får han altså prøva seg i selskap med dei verkeleg store karane, i den råaste klassen.
- Godt team
- Det er jo eigentleg heilt utruleg. Eg har alltid hatt lyst til dette, men trudde aldri mogelegheita ville by seg, seier Nøttveit, som er svært takksam for at arbeidsgjevaren hans og alle dei andre samarbeidspartnarane er villeg til å satsa på han.
- Det er jo ein dyr sport, i alle fall visst du skal satsa skikkeleg, så eg er heilt avhengig av sponsorar og eit godt team rundt meg, seier han til nh.
Kameraten til Nøttveit, Joar Morken, har alltid vore med han og skrudd på bilen, og han er også med i teamet som no satsar i EM, ved sidan av sin daglege jobb. Ein annan kamerat, Jan Tore Ulvatn, har tatt permisjon frå jobben i Nordsjøen for å skru bil på heiltid. I tillegg består teamet av teamleiar, Jan Frode Larsen, AGR og andre samarbeidspartnarar.
Over 200 km/t.
Nøttveit ser fram til å måla krefter med dei aller beste sjåførane i Europa, og han kan fortelja at sjølv om sporten er i vekst i Norge, er den alvorleg mykje større i mange andre land.
- Det er ofte mange tusen tilskodarar, og svære opplegg med band og greier etter løpet. Det er heilt spesielt, seier Nøttveit til nh.
Men det er sjølvsagt kjøringa som står i fokus hjå Nøttveit. Han fortel at farten bilane kjem opp i varierar frå bane til bane, men det går alltid fort.
- På enkelte baner kjører vi i over 200 kilometer i timen. Side om side! Så det gjeld å ha fokus heile tida, og halda tunga beint i munnen, seier han til nh.
Siste kommentarar