- Tida er inne, meiner NBK-trenar.
Kulturkalender | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 30.07.2010 kl 13:01 Oppdatert 02.08.2010 kl 14:40 |
NBK sitt G 97-lag gjekk gjennom sin første vårssesong på stor bane med sju strake sigrar og 78-6 i målskilnad. No vil trenar Patrick Wohlgemuth ha elitesatsing i Nordhordland.
- Kvifor skal det vera slik at unge gutar som vil verta skikkeleg gode å spela fotball må over til bysida for å få eit bra nok tilbod? Vi har alt vi treng her, seier Wohlgemuth til Nh.
Sjølv er han ein av til saman seks i trenarapparatet til NBK sitt G 97-lag. Spelargruppa tel rundt 35 spelarar frå Alversund, Knarvik, Seim og Leknes, og utgjer to lag i seriesystemet.
Wohlgemuth er klar på at breiddefotballen er viktig, og sjølvsagt skal oppretthaldast som ein sosial arena, men han meiner likevel tida er inne for at Nordhordland som region byrjar å tenka meir spissing av talenta allereie i ung alder.
- Signal frå nordsida
- Vi ønskjer å senda eit signal om at vi også på nordsida av brua har eit tilbod til unge spelarar som vil utvikla seg individuelt. Vi har fasilitetane, vi har folketalet, vi har utruleg mange fotballspelarar og vi har trenarar som vil satsa, seier Wohlgemuth til Nh.
Hans eige NBK har saman med Kvernbit vore det klart beste laget i den første vårsesongen på stor bane, og dei to nabolaga spelar begge haustsesongen i førstedivisjon saman med dei beste laga frå dei andre avdelingane.
Blant desse finn vi lokale lag som Eikanger, Fedje og Lindås, men også Bergen Nord, Tertnes, Hovding og Åsane, som alle har solide smågutelag.
Skikkeleg keepertrening
Wohlgemuth er innstilt på at ting må gå seg til, men inviterer alle som ønskjer å satsa litt innan fotballen velkomen på trening i Knarvik, både utespelarar og keeperar.
Planen er mellom anna å legga opp til eigne keepertreningar i tillegg til dei vanlege fotballøktene, der unge burvoktarar får moglegheita til å trena med meir rutinerte ”kollegar”.
- Eg har ein tanke om at heile regionen skal kunne samarbeida. På denne måten kan vi på litt sikt få verkeleg gode, aldersbestemte lag. Eventuelle trenarar og foreldre som vil ta del er også hjarteleg velkomne, seier han.
Hospitering
I trenarteamet til G 96-laget er også mellom andre Kjell Ove Sævdal, og via han har NBK-smågutane eit tett samarbeid med Brann sine talentutviklarar.
I august går det ei eliteturnering i Stavanger, og her stiller Brann lag. Frå Nordhordland er det med fem unge spelarar.
- Vi har også eit hospiteringsopplegg med 96-laget, der fleire av våre spelarar i periodar får vera med på treningar og kampar med dei som er eldre enn seg, fortel Wohlgemuth.
Førebels skjer ting i NBK sin regi, men smågutetrenaren er heilt klar på at han ønskjer eit interkommunalt samarbeid på nordsida.
Fleire gode årsklassar
- No balar eg med 97-laget, men det er mykje bra som skjer også blant yngre lag i klubben. Kenneth Ludvigsen har eit veldig bra lag i 98-årgangen, og han er også ein utruleg ressurs som trenar. Det same gjeld Remi Bilsback som har 99-årgangen, fortel han.
NBK har fått inn i sin reviderte sportsplan at det skal vera lov å toppa lag. Det er dette som har fått Wohlgemuth til å setja inn ein intensiv.
- Breiddefotballen er udiskutabel, og den er det uaktuelt å gjera noko med, men det går an å ha fleire tankar i hovudet. Det må leggjast til rette for dei som er gode også, seier han.
- Best mogeleg utvikling
- Trenarteamet på G 97-laget ønskjer å ha ei treningsgruppe vi kan driva intenst med, og majoriteten av spelarane er også veldig positiv til dette. Dei som ikkje vil satsa like intensivt har eit flott tilbod i andrelaget, seier han.
- Når vi seier at vi ønskjer eit samarbeid i heile Nordhordland er det på ingen måte med intensjon om å tappa andre klubbar for spelarar. Dette dreier seg om korleis spelarane sjølve kan utvikla seg best mogeleg.
- Vi vil ikkje øydelegga miljøet noko stad, men ønskjer eit elitelag frå Nordhordland. På sikt vil noko slikt også gjera seg utslag på seniorsida, seier han.
Siste kommentarar