13-åring med to bronse.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 09.02.2010 kl 15:55 Oppdatert 09.02.2010 kl 15:55 |
Fire lokale utøvarar deltok under Vestlandsmeisterskapen i skiskyting i Vik i Sogn i helga, og både ungdom og veteranar viste imponerande takter.
Lasse Virkesdal (13) frå Gulen, som Nh tidlegare har omtala som eit stort skiskyttartalent, viste på ny gode takter i helga.
Trass i at han går i ein klasse med fleire gode skiskyttarar, sikra han to bronsemedaljar, både på normalen og på sprinten.
Også Masfjordjentene Andrine og Maria Sleire Tistel deltok under Vestlandsmeisterskapen.
Andrine, som har drive med skiskyting sidan ho var 6 ½ år, starta i helga i J 11-klassen, der deltakarane skyt på liten blink. Dette gjer naturleg nok øvinga vanskeleg.
Likevel sikra ho ein femteplass og ein fjerdeplass i Vik.
Går for Vik IL
Maria, som berre er 7 ½ år gamal, starta i klassen nybegynnar under 11 år. Sin unge alder til tross har Maria vore med i eitt års tid allereie. I helga var ho yngste deltakar på startstreken.
Til saman stilte rundt 165 deltakare til start denne strålande helga. Løparar frå Nordfjord, Førde, Sogn, Voss, Kvam, Fana, Masfjorden og Gulen deltok.
Dei tre, unge skiskyttarane frå vårt distrikt går alle for Vik IL. Grunnen til dette er at dei lokale idrettslaga ikkje er med i skiskyttarforbundet og difor ikkje har nødvendige lisensar.
Frå Vik IL si side vert det meldt om at idrettslaget er glade for å ha løparane med i gjengen, og at samarbeidet mellom idrettslaga er godt med tanke på all organiseringa rundt denne populære sporten.
Senior vann veteranklassen
Under Vestlandsmeisterskapen i helga deltok også senior i Sleire Tistel-huset, pappa Vidar.
Han er ein merittert skiskyttar, men la sjølv opp for ti år sidan, berre 23 år gamal. Men framleis veit han korleis blinkar skal skytast ned og skia trakterast i sporet.
I veteranklassen vann han soleklart under Vestlandsmeisterskapen i Vik.
Den største utfordringa for Sleire Tistel-gjengen var nok at dei tre delar gevær.
Siste kommentarar