Gode tider i Radøyhallen.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 01.12.2009 kl 13:51 Oppdatert 01.12.2009 kl 13:57 |
Det gjekk unna når dei unge symjarane i Radøy Symjeklubb og Austrheim Symjeklubb samlast til stemne i Radøyhallen søndag.
Rundt 70 lokale symjarar deltok då Radøystemnet vart arrangert i Radøyhallen søndag ettermiddag, og det mangla ikkje på gode tider.
Blant dei som utmerka seg særleg var ni år gamle Torgeir Sætre frå Austrheim som la bak seg 25 meter fri på imponerande 20.83.
På jentesida sømde tiåringen Andrea Brygget, også ho frå Austrheim den same distansen på 22.12. Det er også verd å merka seg åtte år gamle Elise F. Hjelmtveit som tok distansen på 23.81.
På 50 meter bryst imponerte 15-åringen Henrik Sundsbø frå Austrheim med 29.82. 14 år gamle Daniel Grindheim frå Radøy var ikkje mykje dårlegare med sine 30.35.
Blant jentene var det 16 år gamle Michelle Knarvik frå Austrheim som gjorde det skarpast på øvinga med tida 34.64.
At symjing er populært i Austrheim og Radøy er det liten tvil om. Veninnene Christina Kongestøl Taule, Dorthe Villanger Helland og Søgni Hamre Sekkingstad, alle frå Radøy symjeklubb, synest symjing er alle tiders.
- Det er kjempegøy. Vi skal symja fri, bryst og crawl i dag. Og kanskje butterfly, seier dei tre veninnene før dei må ut i bassenget igjen.
Siste kommentarar