Snart klart for Rookiecamp.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 27.10.2009 kl 12:11 Oppdatert 30.10.2009 kl 10:14 |
Andre helga i november har ungdom mellom 13 og 16 år sjansen til å læra seg amerikansk fotball i Nordhordlandshallen. Det vert også lagt opp til cheerleadingkurs for ungdom mellom 14 og 19 år.
Den såkalla Rookiecampen er den første i sitt slag i Nordhordland, og arrangørane i Kvernbit Knights håpar mange melder seg på.
Planen er nemleg å starta eiga junioravdeling i Knights.
- Vi hadde veldig god oppslutnad når vi hadde amerikansk fotball på idrettsdagen til Knarvik ungdomsskule rett før jul i fjor, så vi er optimistiske. Vi har kontakta alle ungdomsskulane i Nordhordland med tanke på å koma og fortelja litt om sporten, så vi håpar å nå ut til så mange som mogeleg, seier Christian Nordås i Kvernbit Knights til Nh.
Helga i Nordhordlandshallen vert ikkje berre for amerikansk fotballspelarar, men også for dei som vil læra seg cheerleading. Her er aldersgrensa 14 til 19 år.
Vankelege skular
Å få innpass på skulane i Nordhordland rekna Nordås med skulle gå greitt, men det viste seg at det ikkje var så enkelt, i alle fall ikkje alle stader.
- Ostereidet ungdomsskule, Knarvik ungdomsskule, Lindås ungdomsskule og Meland ungdomsskule har alle vore samarbeidsvillige, men vi ønskjer å nå ut til heile Nordhordland.
- Amerikansk fotball er ein sport som gir ungdom i alle fasonger og med ulike personlegdomar moglegheita til å delta og finna sin idrett. Difor synest vi det er litt kjipt at enkelte skular ikkje er medgjerlege når det er snakk om eit så stort arrangement, seier Nordås.
Jobbar med tidlegare NFL-proff
Rookiecampen 7.-8. november vert eit stort arrangement der Kvernbit Knights sine eigne spelarar fungerer som trenarar.
Arrangørane jobbar også med å få den tidlegare NFL-proffen Ryan Bethea, som i dag trenar Bergen Storm, med på campen.
Etter innsjekk lørdag ventar ein heil dag med trening, og til kvelden vert det pizza, film og sosiale aktivitetar. Søndag skal det spelast kampar.
Påmelding skjer via Christian Nordås innan 4. november.
Siste kommentarar