Lindås-jenter med god sesongstart.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 02.10.2009 kl 13:57 Oppdatert 02.10.2009 kl 13:57 |
Handballsesongen er i gang, og Lindås sitt J12-lag har fått ein flott start. I helga tok jentene sølv i Førde-cup.
Det var tre lag som sette seg på bussen frå Lindås til Førde - J12, J13 og J14/15. I og med at J13-trenaren også er bussjåfør, var det ikkje behov for innleigd arbeidskraft.
No skulle Lindås sine fargar forsvarast.
I turneringa var det dei yngste jentene som skulle bita best ifrå seg. 12-åringane spelte rett og slett ei flott turnering.
I dei innleiande rundane vann laget to av tre kampar, og i sluttspelet søndag vart det siger både i både kvartfinalen og semifinalen. I finalen vart motstanden for tøff, men jentene kunne likevel jubla for ein flott andreplass.
Og disko etterpå
- Turen heim igjen var nok litt lang for mange trøtte og utslitne jenter. For i tillegg til å ha spelt mange kampar med flott handball, vart det jo dansa til dei seine nattetimar på diskoteket som vart arrangert, fortel jentetrenar Hanne Berit Bolstad i ein e-post til Nh.
Rett etter finalen var det ei og anna skuffa Lindås-jente å spora, men humøret kom raskt tilbake. Og når lagbussen parkerte på Lindås søndag kveld, var humøret på topp.
- På Lindås venta foreldra på ungane sine, og sølvjentene varta like godt opp med ein eigenkomponert dans til glede for tilskodarane, fortel Bolstad.
Fin helg
Lindås-gjengen hadde ei flott helg i Førde, og ser i følgje Bolstad fram til meir moro.
- Vi som hadde gleda av å vera med som foreldre/trenarar/oppmenn vil takka jentene for ei fin helg med mykje strålande handballspel.
- I tillegg ønskjer vi å takka Roald sjåfør som frakta oss trygt fram og tilbake, samt handballstyret i Lindås IL som gjorde turen mogleg, skriv Bolstad.
Opna sterkt
Allereie helga etter turneringa byrja seriespelet for Lindås-jentene.
Med stort pågangsmot vann Lindås kampen 13-9 over Osterøy i årets første heimekamp i Mongstadhallen.
Siste kommentarar