Unge syklistar tråkka til

150 ivrige syklistar tråkka til då Nordhordland Sykkelklubb arrangerte barneritt i Knarvik søndag.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Atle Vaage E-post
Publisert 15.09.2009 kl 09:35 Oppdatert 15.09.2009 kl 15:29

Tips ein venn på e-post:

...
KLAR TIL START: Spente syklistar klar for start i sitt første ritt.

Patrick Smørdal Osa (4) frå Hilland tråkka til skikkeleg frå start i den yngste gruppa. Med nummer 66 på brystet låg han først heilt til den første svingen, men så vart det tungt i motvinden oppetter langsida på Nordhordlandshallen.

To rundar rundt hallen er langt nok for små bein, godt då at det venta gratis drikke til alle i mål.

Patrick er litt beskjeden når Nh dukkar opp med kamera, men han er tydeleg stolt av sin knallraude Spidermann 3 sykkel.

-Kjempegøy sjølv om eg ikkje kom heilt fremst, seier Patrick som lett som berre det heldt balansen utan støttehjul. Pappa Geir Atle Osa fortel at det var unnagjort på eit par minutt å læra poden å halda balansen på to hjul.

-Medaljen skal eg henga på rommet mitt, det er den aller første medaljen eg har fått utanom på minimila, seier fireåringen.

Etter veker med regn gjekk barnerittet i flott haustsol, og mange la familien sin søndagstur til området rundt hallen. Litt knall og fall vart det i ein og annan sving, men ikkje verre enn at alle kunne retta litt på hjelmen og karra seg på sykkelen for å fullføra.

- Kjempekjekt at det kom så mange, dette kjem vi heilt sikkert til å gjera neste år og, seier rittleiar Nina Olsvoll frå Nordhordland Sykkelklubb.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.