Grei skuring for NBK-jentene

Nærmar seg første runde i juniorcupen.

Endre Hopland

Publisert 09.03.2008 kl 16:27 Oppdatert 10.03.2008 kl 14:42

Tips ein venn på e-post:

GREI SIGER: Helene Daae (i svart) og NBK hadde god kontroll på Stord, og vann fortent i Knarvik søndag ettermiddag. Foto: Endre Hopland

Jenter junior: NBK – Stord 3-0 (2-0)

Mål: 1-0 Karianne snekkevik, 2-0 Sigrid Johansen, 3-0 Helene Daae

NBK-jentene tok eit langt steg nærare første runde i NM-cupen for juniorar, då dei slo Stord 3-0 på Knarvik stadion søndag ettermiddag.

Dei to laga var jamne dei første ti minuttane, men etter kvart tok heimelaget føringa på den store kunstgrasbana.

Karianne Snekkevik sendte NBK i føringa etter om lag eit kvarter, og Sigrid Johansen dobla leiinga ti minuttar seinare.

Heimelaget hadde også fleire store sjansar det nok burde vorte mål av, men ein god Stord-keeper var patent ved fleire høver.

- Over all forventning

Første omgang var underhaldande, men tempoet sakk nokre hakk etter kvilen. NBK brente straffespark, men styrte stort kampen som dei ville.

Særleg utmerka midtbanetrioen Sigrid Johansen, Lena Kvinge Tvedt og Helene Daae seg.

Stord skapte ikkje altfor mykje, men at det var eit lag med mykje kvalitet i seg kom fram med jamne mellomrom. Laget var gjennom ved eit par høver, og hadde mellom anna eit stolpeskot.

Men alt i alt hadde NBK-jentene god kontroll, utan å ta seg heilt ut.

- Eg følte aldri at sigeren var trua. Kampen gjekk eigentleg over all forventning, seier NBK-trenar Marius Silseth til nh.

Første gong

NBK sette punktum for dagen med eit flott angrep, vel ti minuttar før full tid. Ein av kampens store spelarar, Helene Daae, var spelt fri inne framfor mål, og ho gjorde ingen feil.

Dermed enda kvalifiseringskampen til NM-cupen med 3-0-siger til NBK-jentene.

Det er i år første gong det vert arrangert NM-cup for kvinner i juniorklassen. NBK stiller med juniorlag berre i denne cupen, og jentene på laget spelar til vanleg på samarbeidslaget ENK. I NM-cupen er det nemleg ikkje lov å stilla med samarbeidslag.

- Mykje positivt

Trenar Silseth kan med glede konstatera at laget hans held god stand. Han meiner jentene burde sett mange fleire av sjansane sine, men er likevel godt nøgd.

- Dei har ein veldig god keeper, og vi slurvar litt framfor mål. Men jentene spring mykje, lar ballen gjera jobben og kjempar voldsamt når dei mister ballen, seier han til nh.

Kampen i helga var berre laget sitt andre forsøk i 4-3-3-formasjon, og Silseth er imponert over kor godt laget fungerte i det nye systemet.

- Det er veldig mykje positivt å trekka ut av denne kampen, seier han.

Håpar på Åsane

Loddefjord og Åsane sine juniorjentelag møtest denne veka, og vinnaren av denne kampen vert NBK sin motstandar i den siste og avgjerande kvalifiseringskampen før NM-cupen byrjar for alvor. Silseth håpar på Åsane.

- Vi har ei høne å plukka med dei frå før. Kampane oss imellom brukar å vera jamne, men få skåringar. Dei to siste har Åsane vunne 1-0, så vi har lyst på revansje, ler han.

Sjå fleire bilde frå kampen her

Larsen fekk opp stemninga

Puls Intimkonsert på Velferdssenteret. Les meir

300 kom seg ut

Lindås Stor aktivitet på Hopsdal. Les meir

Å, for ein dag!

Masfjorden Nydelege forhold i Stordalen. Les meir

Evakuering på Mongstad

Nyhende Faren over etter gass-lekkasje mandag morgon. Les meir

Manger Musikklag vann NM

Puls Eit halvt poeng framfor EBML. Les meir

Sei di meining

Er du lei av snø og kulde?

Ja, no er det på tide med mildvêr
Nei, flott med litt skikkeleg vinter
Bryr meg ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 609

Sogn og Fjordane
Vêr og føre:
Vekslende bart, snø- og isdekke, fare for glatte partier i lavlandet.
Sogn og Fjordane
Vêr og føre:
Vekslende bart og snø- og isdekke i høyereliggende strøk.
Ev 16 Indre Arna - Trengereid (Arnanipa tunnel)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vedlikeholdsarbeid i periodene: Mandag til torsdag fra 22:00...
Ev 16 Trengereid - Voss, ved Hettetunnelen
Redusert framkomst:
Lysregulering på grunn av vegarbeid.
Ev 16 Trengereid - Voss, ved Hettetunnelen
Redusert framkomst:
Lysregulering på grunn av vegarbeid.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

Avisa for distriktet

Aktuelt:

Strilane-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Motormagasinet

Redaktøransvar