- Eit år med nedsett livskvalitet

Eit år sidan eksplosjonen.

Endre Hopland
Endre Hopland Profil E-post
Publisert 23.05.2008 kl 16:20 Oppdatert 23.05.2008 kl 16:28

Tips ein venn på e-post:

...
SLØVÅG-OFFER: Hans og Ingrid Ringereide er nære naboar til industriområdet i Sløvåg. Etter eksplosjonen for eit år sidan, har dei vore mykje plaga med dårleg lukt. ¿ Det har vore eit år med nedsett livskvalitet, seier dei to.

Dette er saka:

  • 24. mai 2007 gjekk to av Vest Tank sine svære tankar i lufta i Sløvåg. Eksplosjonen gjorde også skade på fleire av dei andre tankane i området, ei rekkje bilar og eit brakkebygg.
  • I etterkant av eksplosjonen, vert det slått fast at det berre var flaks at ingen mista livet. Fleire personar vart skadde, dei fleste som følgje av sterk røykutvikling.
  • Bebuarar i området rundt Sløvåg vart sjuke som følgje av dårleg luft og forferdeleg lukt i lang tid etter eksplosjonen. På dagar med riktig vindretning, kunne ein kjenna lukta langt utanfor kommunegrensa.
  • Framleis slit mange med hovudverk, sår hals, rennande auge og liknande når lukta kjem sivande.
  • I desember i fjor vart det halde folkemøte om eksplosjonen i Sløvåg, der dei nye eigarane i Alexela lova betring innan tre månader.
  • Det ligg den dag i dag over 400 tonn illeluktande avfall igjen på eksplosjonstomta, eitt år etter at det small. Alexela forhandlar med fire selskap som skal vera villige til å ta imot avfallet. Adm. dir. Håkon Ivarson meiner i følgje BT at medieoppstyret rundt saka er årsaka til at ingen så langt har sagt seg villige til å ta imot avfallet.

Ekteparet Hans og Ingrid Ringereide bur berre eit par kilometer frå Sløvåg. Dei har fått kjenna etterverknadane etter eksplosjonen hjå Vest Tank nært på kroppen. I dag er det eitt år sidan det small.

- Det er rett og slett ei utruleg plage. No har dei øydelagt ein sommar, og det ser ut til at dei skal øydeleggja endå ein, seier Hans og Ingrid til nh.

Ingrid har slite med både kvalme og tørrhoste etter eksplosjonen, medan Hans har hatt problem med svært tørre auge. Slik var det aldri før det small.

- Vi har aldri fått skikkeleg greie på kva plagene skuldast. Det har vorte sagt at det er svovelbindingar som er i lufta, men svovelbindingar kan jo vera så mangt. Det er så mykje snakk at ein ikkje veit kva ein skal tru, seier Hans, som har budd nesten heile livet på garden i Eidsbotn, nokre steinkast frå industriområdet i Sløvåg.

- Mange dårlege

Ein rapport kommunelege Tommy Norman i Gulen har laga, viser at folk i kommunen framleis slit med sjukdom og plager, eitt år etter eksplosjonen. Trond Rambjørg er ein av dei som vart verkeleg dårleg då lukta kom sivande første gongen.

- Eg var heime då det small, og lukta kom eit kvarter seinare. Eg måtte springa rett og kasta opp, seier Rambjørg til nh.

Også han bur i Eidsbotn, og når vinden står på frå sørvest, kjem lukta framleis sivande.

- Eg merkar det straks. Hovudverken kjem med det same eg kjenner lukta, seier han.

Gjermund Halsvik, som held til i Halsvikvågen, kan fortelja at lukta er ei sann plage for folk.

- Ingen hjå oss har vorte alvorleg sjuke, men eg veit om fleire som har det. Men lukta er skikkeleg ubehageleg og hemmande, seier han.

Dårleg drikkevatn

For ekteparet Ringereide sin del, har tida etter eksplosjonen vore alt anna enn lystig.

- Det er forferdeleg deprimerande å oppleva noko slikt. Vi har hatt eit år med nedsett livskvalitet, og vi fryktar at det vert eit år til, seier dei to.

Då nh var på besøk hjå ekteparet, var det berre eit svakt snev av dårleg lukt i lufta. Dei to kan fortelja at dette varierar frå dag til dag, avhengig av vindretninga.

- I dag er det nordavind, og då merkar vi det ikkje så mykje. Men det luktar enno, seier Hans.

For å understreka kor gale det heile er, får nh sin utsending smaka på drikkevatnet til husstanden. Det smakar meir olje enn vatn, tiltross for at det ser heilt reint ut.

- Vi er tre hus som delar kjelle, men eg kan ikkje førestilla meg at dette vatnet er bra for kroppen. Det er då ikkje slik vatn skal smaka, seier han.

- Same leksa

Det har lenge lagt nærare 400 tonn avfall igjen i Sløvåg etter eksplosjonen, avfall som dei nye eigarane Alexela har prøvd å fått fjerna.

Under folkemøtet på Dalsøyra i slutten av desember i fjor, lova selskapet at alt skulle vera rydda opp i innan tre månader. Denne fristen har gått ut for fleire månader sidan, noko også ekteparet Ringereide har merka seg.

I avisa Strilen torsdag opplyste Alexela at dei no hadde gjort ein avtale med eit norsk firma som skulle ta imot avfallet. Dette fekk Ingrid og Hans til å håpa, men det skulle ikkje vara lenge før tvilen var tilbake.

Fredag, ein dag seinare, stadfesta nemleg Alexela ovanfor Bergens Tidende at ingen avtale var underteikna enno, sjølv om selskapet skal vera i direkte forhandlingar med fire ulike selskap.

- Det er den same leksa igjen. Vi har ingen tillit til det som skjer, seier Hans til nh.

- Krev dokumentasjon

- Vi gler oss kvar gong vi høyrer noko positivt, men det skjer aldri noko, legg Ingrid til.

Dei to undrar seg veldig over korleis det kan ha seg at ingen ryddar opp i rotet.

- Det er merkeleg at SFT er så tilbakehalden i denne saka, og går god for opplysningar utan å kunne dokumentera dei, seier Hans.

Ekteparet Ringereide håpar på ei snarleg løysing på problemet, men understrekar viktigheita av at ting vert gjort på ein skikkeleg måte.

- Det må kunne forventast at bedrifta legg fram kontrakten for at dei har fått ein mottakar, og kan visa kvittering for at avfallet er mottatt. Det er veldig viktig at SFT no har augo opne, slik at ikkje avfallet berre forsvinn utan at nokon veit kvar, meiner dei.

Les meir om eksplosjonen i Sløvåg her

Mest lese no

...

Fire bilar i kjedekollisjon

Nyhende Smell på Haglsundbrua. Les meir

...

Situasjonen alvorleg for raffineriet

Nyhende Regjeringa informerer Stortinget. Les meir

...

Anna får ein tryggare kvardag

Lindås Lindås kommune er med i eit pionerprosjekt for eldre som bur heime. Les meir


Avisa Nordhordland

Kvernhusmyrane 29, 5914 ISDALSTØ
Tlf 56355555, telefaks: 56355556
Webansvarlig: Endre Hopland
Ansvarlig redaktør: Randi Bjørlo

Nasjonalbiblioteket

Vi gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig. Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.