Tilbake i min fødeby

Det er 24. november 2007, og eg står utanfor sjukehuset i Kailua, Hawaii der eg vart fødd for 23 år sidan - i dag.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Solbjørg Makalani Myrtveit
Publisert 19.12.2007 kl 15:04 Oppdatert 19.12.2007 kl 15:08

Tips ein venn på e-post:

... ...
TILBAKE: Etter 23 år er Solbjørg Makalani Myrtveit tilbake der ho vart fødd.
...
HALEAKALA: Den inaktive vulkanen Haleakala på Hawaii-øya Maui.
...
PALMER OG HAV: Utsikt over Honolulu, hovudstaden på Hawaii, omgitt av palmer og hav.

Det er herleg å vera attende her, sola skin og vinden susar i palmane. Eit par gongar dette semesteret har eg teke meg i å lura på kvifor i all verda mamma og pappa reiste til Radøy igjen.

For 23 år sidan pakka mamma og pappa (Astrid og Magne Myrtveit) koffertane og for til Hawaii. Eg vart fødd det året dei budde her, og no er eg endeleg attende for å oppleva paradiset sjølv.

Gjennom universitetet i Bergen er eg på utveksling, og tek fag på universitetet der pappa underviste det året dei budde her.

Opne og glade menneske

Eg bur midt på Waikiki, blant alle turistane. Kvar morgon på veg til skulen møter eg jenter i bikini og kjekke surfegutar. Alt er så annleis enn heime.

Svære pickupar susar forbi (med folk på lasteplanet - lovleg), julepynten kom opp midt i oktober og burgerane på MacDonalds kostar omlag kr 5,50. Menneska er også annleis. Før eg reiste, var eg ganske nervøs for å koma til eit nytt land heilt åleine.

Eg veit frå erfaringa i Bergen at me er ikkje så flinke til å ta oss av utvekslingsstudentane som kjem til oss. Det er ikkje mange som gidd å verta kjende med dei – dei reiser jo uansett snart igjen, og dessutan har me nok vener frå før. Slik er det ikkje her.

Er du ny og frå eit anna land, er du spanande. Det var ei stor lette å finna ut at amerikanar er slik, utadvendte og hyggelege. Det gjer det mykje lettare å finna seg til rette og få vener. Folk smiler og snakkar til deg, og deler gjerne livshistoria si på busstoppet.

Så sjølv om Honolulu er ein stor by, er han på ingen måte upersonleg. Eg håpar verkeleg at eg greier å ta med meg litt av dette når eg reiser heim. Me har mykje å læra av deira opne og glade måte å møta nye menneske på.

Også på skulen har me mykje å læra. Skulesystemet her er veldig konkurranseprega, og studentane vert passa på heile tida. Me har obligatorisk oppmøte, innleveringslekser, lekseprøvar og små eksamenar heilt tida.

Dette er veldig uvant for oss som kjem frå norske universitet, og er vane med å køyra vårt eige løp. Likevel er det veldig kjekt å studera her. Faga er spanande og forelesarane er gode.

Eit paradis for turfolk

Heldigvis har me og ein del fritid, og det gjeld å gripa høvet til å oppleva øyane. Dei fleste studentane og turistane bur i Honolulu, men utanfor finn ein det ein kanskje kan kalla det ekte Hawaii.

Her er små landsbyar der ungane går berrfot til skulen, det er urørte strender og regnskog.

Alle øyane er danna av vulkansk aktivitet på botnen av havet, og dette har ført til spektakulære fjell, bratte skråningar, dramatiske lavalandskap og fossefall. Øyane er eit paradis for folk som likar å gå tur.

Naturen er utruleg vakker, og eg vil anbefala alle som nokon gong reiser hit, å ta nokre turar også utanom turiststadane. Det er kanskje litt meir tiltak, men definitivt verd umaken.

OBS-skilt overalt

Før eg reiste til Hawaii, tenkte eg ofte at USA er eit vestleg land og difor truleg ganske likt Noreg. Det er nok sant at me til ein stor grad er påverka av USA, men likevel er det noko spesielt med å vera her. Kontrastane mellom fattige og rike er til dømes mykje større enn heime.

Folk bur i kassar langs gatene framfor luksushotell til 4000 kr natta. Det er nokså tankevekkjande. Det er og uvant for oss at det er varselskilt over alt. Ingenting er lov - ein kan jo skada seg, og koma til å saksøkja nokon.

Det er t.d. strengt forbode å gå på line mellom trea i parken, strender har varselskilt om straumar og maneter, kaffikoppar om at innhaldet kan vera varmt, golv om at dei kan vera glatte og bakkar om at dei kan vera bratte. Det er ganske underhaldande.

Heim til julestemning

No har eg vore på Hawaii i snart fire månader. Eg føler eg har lært og opplevd utruleg mykje. Eg har sett galskapen i samband med Halloween, og eg har ete alt for mykje kalkun til thanksgiving. Eg har surfa, lært huladans, fått nye vener, lært rare, engelske ord, sett svære vulkanar og hai...

Livet her er utruleg spanande. Som sagt har alt vore juledekorert i lengre tid, og det er julemusikk i alle butikkane.

Det er likevel vanskeleg å koma i julestemning under palmane på stranda. Sjølv om eg har det aldri så bra her, er det fint å vita at eg skal heim og feira (kvit?) jul på Radøy, i staden for mellom glorete lastebilstore plastnissar og glitterkledde palmar.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.