- Den franske rivieraen kan ikkje skildrast, må berre opplevast, seier Gro Helen Gjellestad Pedersen.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Gro Anette Fanebust Kittang
E-post
|
|
| Publisert 18.05.2007 kl 14:49 Oppdatert 27.02.2008 kl 15:50 |
- Det er stemninga, dei koselege gatene og det å gå på bakeriet å kjøpa rykande fersk brødmat og croissanter kvar morgon. Det kan ikkje skildrast, må berre opplevast, seier Gro Helen Gjellestad Pedersen. Etter ein tur til Nice for tre år sidan, er ho hekta på den franske rivieraen. No planlegg ho og sambuar Frode Hindenes neste tur.
”Livet i Provence har noko magisk over seg, noko som reflekterer litt luksus, kunsten å leva, underhaldning, sol og blått hav. Det milde klimaet innbyr til ferie og opplevingar heile året” står det på ei av reiseoperatørane si informasjonsside. Og det er mykje sant i det.
Gro Helen Pedersen og Frode Hindenes reiste første gang til Nice for tre år sidan, og blei fullstendig frelst på det gode liv på rivieraen. I fjor tok dei med seg vesledottera Maja Isabell og foreldra til Gro og reiste tilbake.
- Første gang vi reiste, budde vi i gamlebyen i Nice, og hadde det berre heilt fantastisk. Vi leigde ein koseleg leilegheit, og kvar sin scooter. Så kjørte vi innimellom dei tronge gamle gatene, og utforska nærområdet. Det var så mykje å sjå, og vi slappa verkeleg av og naut det gode liv, fortel Gro Helen. Det blei lange kveldar på terrassen med fransk vin og noko attåt.
- Utruleg kor fort ein adopterer franskmennene sine vanar, kan hende fordi dei er flinke til å leva det gode liv? undrast Gro Helen.
Må opplevast
Nice er kjend for å vera både elegant og enkel, og sjarmen ligg i alt frå det milde klimaet, til arkitekturen. Sjølv om vinteren er ute-kafeane fylde med folk som nyt ein drink på den kjende Promenade des Anglais.
Den einaste måten å verta verkeleg kjend med Nice på, er å rusla gjennom dei okerfarga gatene, medan ein høyrer på dei lokale som diskuterer på sitt eige språk, ”Nicois”. Og ved å besøka det lokale kjøkkenet.
- Maten og vinen i Nice kan ikkje samanliknast med maten i ein får servert i dei vanlege charter-byane i Europa. Den må opplevast, seier Gro Helen, med ei salig mine. Nice er også ein kultur og kunst-by, som nest etter Paris kan skilta med flest museum i landet.
Kunst og kultur
To år seinare reiste paret ned att, denne gangen saman med foreldra til Gro Helen.
- Vi besøkte mellom anna Ville France, og Antibes, og var mellom anna innom Picasso-museet. Det var heilt fantastisk. Vi tok også ein dagstur til Monaco, som ligg berre ein time med buss frå Nice, fortel ho.
Vakre Cannes ligg berre ein halv times kjøring frå Nice, og for 150 år sidan var dette berre ein liten fiskarlandsby. I dag tiltrekk byen seg klientell frå heile verda. Langs heile hamna ”Quai St. Pierre”, ligg luksusyachtane side om side med fiskebåtane, og i båthamna Albert Eduardo ligg nokre av dei vakraste yachtane i verda ved kai.
Byen byr på kultur, ein rusletur på antikvitetsmarknaden midt i byen er ei oppleving, sjølv om ein ikkje har den store interessa for antikvitetar. Cannes ligger på den delen av rivieraen som vert kalla Côte d'Azur eller den blå kysten, med kort vei til Alpane. Byene er kjent for fine sandstrender.
Ein kjapp spasertur til toppen av gamlebyen, og heile byen under openbarar seg, omgitt av blått hav og Lèrins- øyene. Ein spasertur på ei av dei mest berømte promenadane i verda, Boulevard de la Croisette, er obligatorisk dersom ein vitjar Cannes.
Mykje å by på
Tre kvarters kjøretur frå Cannes, i vakre og landlege omgjevnader, finn ein den intime og romantiske Grasse. Her må ein få med seg gamlebyen og musea.
Ein kan nyta arkitekturen i fred og ro, eller leiga CD-spelar på turistkontoret, og følja pilar i gatene medan ein hører historia til den vesle byen. Grasse er den fremste byen i verda når det gjeld parfyme, og ein tur på eit av parfymemusea er verdt pengane.
- Den franske riviera har mykje å by på, og vi har nok ikkje utforska halvparten enno. Vi reknar med det vert mange fleire ferieturar i dette området, og vi har allereie byrja sjå på kor vi kan overnatta neste gang, seier Gro Pedersen og Frode Hindenes.
Siste kommentarar