Døveprest, Tom Sverre Tomren har besøkt Madagaskar.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Arthur Kleiveland
E-post
|
|
| Publisert 14.03.2007 kl 16:05 Oppdatert 27.02.2008 kl 15:51 |
Madagaskar er godt kjend for det norske misjonsfolket gjennom fleire generasjonar. Fattigdomen er stor, men dei smiler og ler meir enn oss, seier døveprest og regionsleiar i NMS, Tom Sverre Tomren, som har vore på besøk på store øya som gassarane sjølv gjerne omtalar som kontinent.
Dei milelange krittkvite strendene med grøne palmealléar kan ta pusten frå deg og gje deg ein smak av paradis. Her får du ferske kokosnøtter, nyplukka bananer og anna frukt.
Mangfaldig natur og ein unik flora og fauna pregar Madagaskar. Grøne dalar og sanddyner er ein del av landskapet. Dei mange og flotte korallreva er Madagaskar eit eldorado for dykkarinteresserte.
Madagaskar blør
Malarimyggen er mannsterk på Madagaskar. Men det er også andre forhold som gir grunn tul stor bekymring. Dei globale klimaendringane har gjort kraftige innhogg, fortel Tom Sverre Tomren.
- Nesten heile øya er avskoga, unntaket er delar av kysten, men også her minkar skogen dramatisk. Erosjons- problemet er enormt, elvane er full av raud jord. ”Madagaskar blør”, seier gassarane. I tillegg er tørketida forlenga, som har ført til mindre risavlingar, seier Tomren, som fryktar at Madagaskar kan vera på veg mot ein økologisk katastrofe om ikkje noko blir gjort. Det er berre reisebyråa og turistar med skylappar som kan hevda at Madagaskar er ei urørt naturperle, seier han.
Minne for livet
Gassarane er eit svært gjestfritt folk, men lever i stor fattigdom. Enorme rismarker gir liv og grøde. Skulle regntida svikta, får det katastrofale følgjer for dei fattige bøndene.
- Den økonomiske fattigdomen er stor, men landet har stor ein menneskeleg og åndeleg rikdom, seier Tom Sverre Tomren, som var på Madagaskar i samband med eit møte mellom den gassiske kyrkja, NMS og Døvekirken om døvearbeidet på Madagaskar.
– Det er ein tur eg kjem til å hugsa resten av livet. Det var mange sterke møte, seier Tomren.
Tusenvis sperra inne
På Madagaskar er tusenvis av døvebarn sperra inne, og Pita opplevde nettopp det, og Tom Sverre Tomren lar oss møta ei av dei som har opplevd denne lagnaden, femten år gamle Pita.
- Då Pita begynte på skulen, tålte ho ikkje lys og ho hadde dårleg balanse, etter å ha levd mange år innesperra i eit mørkt rom. På Madagaskar er husa av ein annan standard enn i Norge. Vanlege hus på landsbygda har ikkje straum eller vindauge, forklarar Tomren.
Det hadde blitt for krevende for foreldra at ho fekk gå fritt. Dei var redda for at Pita skulle rømma, og andre barn erta henne.
- Pita si skjebne er ikkje unik. Eg snakka med ein lokal prest som fortalde at det var vanleg at foreldre på landsbygda sperra inne dei døve barna.
Skulesituasjonen er generelt veldig vanskeleg på Madagaskar. Over halvparten av folket er analfabetar. På Pita sin skule i Fianarantsoa er det plass til 17 elevar. Klasserommet er ca 20 kvm. Skuleplassen er like ved eit tuberkulose-mottak.
- Hadde det vore mine barn hadde eg vore redd for smitte. Men ventelista er lang. Barna kallar rektor for ”engelen”.
- Eg kan sjå at ho er glad i barna. Då eg reiste fekk eg med ei bøn frå ”engelen” om å skaffa sponsorar: - Vi må ha pengar for å leiga eller bygga eit internat og ein større skule.
- Tilbake i Norge er hovudet enno fullt av inntrykk. Fattigdommen er enorm. Folk går svoltne, dei strevar for å få livet til å gå opp. Det er livsvilkår som er tragisk. Likevel ser eg at dei har kvalitetar som vi har mista. Dei har ei sterkare og meir frimodig tru, dei er flinkare til å ta seg av kvarandre. Dei smiler og ler meir enn oss.
Krokodille til middag
På Madagaskar er naturen og folkelivet dei største attraksjonane. Ein safari i ein av dei mange og unike regnskogane bør stå høgt på lista. Det er også all grunn til ta med deg ein lokalguide og utforska ein av nasjonalparkane i Ranomafan, ei dagsreis med buss frå hovudstaden. Her kan du t.d oppleva den eksostiske lemuren, som berre finst på Madagaskar.
Du kan også risikera å snubla i ein boaslange midt inne i bushen. Men bortsett frå krokodillar og hai på austkysten, er det ingen fare for menneske. Tar du sjansen, er det heilt sikkert spennande med ein krokodille-middag på krokodillefarmen i hovudstaden.
Billeg overnatting
Det er veldig billeg å overnatta på Madagaskar, men hotellstandarden er låg etter europeisk standard. Det mest brukte framkomstmiddelet er taxi-brousse, ein type minibuss. Svært billeg reisemåte, og du får sett mykje. Men du må vera utstyrt med ein god porsjon tolmod, og bli ikkje overraska om du må dela baksetet med 25 andre levande vesen, gjerne kalkuner og ender.
Lærer mykje
- Som turist på Madagaskar vil du læra mykje om fattigdom, og få innblikk i eit heilt anna levesett og kultur enn vi er vand med, seier Tom Sverre Tomren. Han tilrår sterkt alle som reiser til å kjøpa klimakvote for flyreisa.
Det norske Misjonselskap har vore engasjert på Madagaskar i 200 år. Organisasjonen har blant anna vore med og etablert sju døveskular i landet. I samarbeid med den gassiske regjeringa og med støtte frå Norad, driv NMS blant anna med grønt skuleprogram. Det inneber t.d. skogplanting og opplæring i jordbruksforvaltning på økologiske prinsipp.
- Generelt er den lutherske kyrkja ein viktig faktor i samfunnsliv og oppbygging av institusjonar og sosial velferd på Madagaskar, seier Tomren.
Fakta om Madagaskar:
Verdas 8. fattigaste land (FN si ranking)
17,5 millioner innbyggarar
Arbeid blant døve siden 1949
Landet er ramma av klimaendringane.
Det er blitt tørrare – det betyr mindre risavlingar.
Fransk og gassisk er offisielle språk.
Landet er 1600 km langt og 570 km breidt.
Reisehandbok og nokre franskglosar greitt å ha i reisebagasjen.
Ta alltid med deg vassflaske, ekstra proviant, solkrem og hatt.
Visa-kort og euro, eller amerikanske dollar er grei valuta.
Siste kommentarar