Nordhordland Turlag arrangerte i sommar tur til Rondane. Helge Brekke og Jarle Hanstveit, som begge var med på turen, har gitt oss dette reisebrevet.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Dagrun Stokke
E-post
|
|
| Publisert 21.09.2006 kl 12:05 Oppdatert 27.02.2008 kl 15:53 |
Rondane ligg ei dagsreise frå Nordhordland, men det er vel verdt den lange bussturen. I sommar tok 20 ivrige fjellgåarar Trondheimsekspressen frå Knarvik ein tidleg julimorgon. Turleiar var Øyvor Larsen frå Nordhordland turlag. Ho hadde regi frå pakkelista vart sendt ut i mai – (Husk ikkje meir enn 10 kilo i sekken!) – og til ho losa deltakarane vel gjennom det storslagne fjellområdet.
Frå vest til aust
Turen starta vest, og enda ved Dørålseter i nordaust. Rondvassbu er målet for første dagstur. Likevel er ikkje målet å koma fram, men å bruka mest mogeleg av sommardagen ute. Like før Peer Gynt hytta er det tid for pause og eit forfriskande fjellbad i elva. Dei positive og veltrente deltakarane er alt rista saman til ein samansveisa gjeng. Rondvassbu ligg i hjarta av Rondane, og her er det verkeleg mykje folk. Gledeleg å sjå at så mange tek turen til fjells! Dei som har sommarjobb i fjellet må vera løysingsorienterte, og det er dei. Alle får overnattingsplass. Hytta er betjent, og det er herleg å koma fram til dekka bord og velsmakande mat.
Neste dag startar med eit skikkeleg brak, lenge før det var morgon. I halv to tida om natta ramlar ein av deltakarane i golvet frå øvste køy. Heldigvis utan skade! Få timar etter var dei første på beina. Morgontroppen går ut på ”før-frukost-tur” til Storeronden kl. 5. Ei spesiell oppleving! Etter frukost ber det rett austover, gjennom Illmanndalen til Bjørnhollia.
”Så snart jeg kom opp på fjellet, var det som jeg ble gitt nytt liv, og en tung bør ble tatt fra meg.” (Carl von Linne, 1732)
Turistpris i fjellheimen
Veret innbyr til badepause denne dagen også. Turisthytta Bjørnhollia har fått byggeskikkpris som eitt av dei finaste turistanlegga i den norske turistheimen. Nordhordland turlag får ekstraservering av forteljingar på ekte folldalsdialekt om slekta som har drive turisthytta i Bjørnhollia. Alt før Turistforeininga vart stifta, hadde austre Rondane vitjing av fotturistar. Det vert sagt at Aasmund Olavson Vinje fekk inspirasjon til å skriva ”Ved Rondane” på ei vandring gjennom dalen til Folldal og Hjerkinn.
Så kjem ein dag med skodde og regn. Turen går mellom Høgronden og Rondeslottet nordover Lagglupdalen til Øvre Dørålsæter. Dagen etter er målet Grimsbu, før turen går vidare til Folldal, og så heimatt med Trondheimsekspressen.
Passar for alle
Fotturistane frå Nordhordland tilrår turen også for dei som ikkje vil springa på toppane. Rondane byr på ”snille” turterreng, og du kan koma deg frå hytte til hytte utan særlege motbakkar. Men naturopplevinga er av det slaget ein absolutt bør få med seg. Å kunna kvila augo på Rondeslottet, Veslesmeden eller Jutulhogget ; det er noko ein hugsar utan å ta fram fotoalbumet frå sommarturen til Rondane.
Turdeltakarane takkar reiseleiarane Øyvor Larsen og Olav Nordanger for godt planlagt tur og den fine måten dei leia turen på.
Siste kommentarar