...
FERSKING: Hege Mathilde Storheim (14) og resten bandet Ambitions er ferskingar i UKM, men impornerte likevel domarane på Sæbø i helga. (Foto: Hanne Kristin Pedersen)

14-åring overraska med si vaksne stemme

Mange lokale talent under årets UKM på Sæbø skule.

Publisert 06.02.2012 kl 15:50 Oppdatert 07.02.2012 kl 08:57

Tips ein venn på e-post:

...
Vebjørn Thunes frå bandet Six Cokes.
...
Thomas Fonnes imponerte med sin store innleving i skætsjen Dating for nybegynnere.
...
Anne Skag Storheim stilla ut tre kjolar.

Det var ikkje få ungdomar som la igjen gode inntrykk hjå domarane på Sæbø skule under Ungdomens kulturmønstring (UKM) i helga.

Bandet Ambitions frå Radøy tok publikum med storm. Hege Mathilde Storheim er gitarist og vokalist for bandet. Då ho song “The Story” av Brandie Carlile overraska ho publikum med ei djup og vaksen stemme. Lite tyda på at ho var ein fersking på scena då ho sang.

- Eg har berre sunge framfor folk ein gong før, så eg var veldig nervøs. Men eg synest det gjekk bra, og det hadde ikkje vore det same utan resten av bandet, som er veldig flinke, seier fjortenåringen.

Bandet imponerte domarane som sende heile gjengen vidare til fylkesmønstringa i Grieghallen 14. og 15. april.

Ferskvare

Radøy stilte sterkt på bandfronten i år. Amplifires, med Eskil Taule, Thomas F. Valdersnes, Torstein Lunde og Vegard Valdernes, stilte med ei rykande fersk låt. Dei fekk ein uheldig start med ein basstreng som rauk, men til Amplifires store glede fekk dei spela ein gong til.

- Vi skreiv songen “Beat” for to veker sidan, så det var gøy å få vist den fram i dag, seier Taule, som saman med Valdernes er forfattaren bak låta.

- Den blei eigentleg eit resultat av litt jamming. Vi hadde det berre gøy med ein liten melodi, så enda det ganske bra til slutt, fortel Taule.

Amplifires har vore med på UKM tre gonger tidlegare. I tillegg har dei opptrådd mykje rundt i Nordhordland og i Bergen. I år blei gutegjengen send vidare til fylkesmønstringa, noko dei ser fram til.

Sjå fleire bilde frå UKM 2012 her.

Desse kom vidare til fylkesmønstringa:

Frå Austrheim kommune:

- Sandman: Benjamin Litlås (14 ), Espen Kolås (17 ), Frida Fonnes Skre (14),Kristoffer Myklebusthaug (15), Nikolas Bentzen (14)

- Mats Skjerve (17) og Thomas Fonnes (17)

Frå Lindås kommune:

- Sisak: Isak Rismyhr Jansen (11) og Simon Skarsvåg Furnes (12)

- Julian Svindal Luna (13 år)

- Isabell Caprice Teige (12 år)

- Kristin Vaage (16 år) #<\n>

Frå Masfjorden kommune:

- Marte Kvamme Andersen (16 år)

- Ådne Andersen (15 år)

Frå Meland kommune:

- Anne Theilmann Jensen (15) og Linn Storsæt (13)

- Herre Moses: Astrid Leithaug (16), Elena Blom (17), Håkon Rongevær (18), Kenny Larsen (19), Sondre Blom (18) og Ørjan Nautnes (19)

- Sunniva Møster (17)

Frå Radøy kommune:

- Amplifires: Eskil Taule (16), Thomas Frotjold Valdersnes (17), Torstein Lunde (15), Vegard Valdersnes (17)

- Ambitions (Aleksander Hjønnevåg (14), Astrid Aven Storheim (14), Audun Borgund Johannessen (14), Christopher Grindheim (14), Hege Mathilde Storheim (14) og Solveig Lien (14 år)

- Ingrid Karoline Kvalheim (15 år)

- May Iren Sylta (17 år)

Les alt om UKM i Nh ondsdag.

Mest lese no

...

Fire bilar i kjedekollisjon

Nyhende Smell på Haglsundbrua. Les meir

...

Situasjonen alvorleg for raffineriet

Nyhende Regjeringa informerer Stortinget. Les meir

...

Anna får ein tryggare kvardag

Lindås Lindås kommune er med i eit pionerprosjekt for eldre som bur heime. Les meir


Avisa Nordhordland

Kvernhusmyrane 29, 5914 ISDALSTØ
Tlf 56355555, telefaks: 56355556
Webansvarlig: Endre Hopland
Ansvarlig redaktør: Randi Bjørlo

Nasjonalbiblioteket

Vi gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig. Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.