...
KLARE FOR UTKANT: John Olav Nilsen (t.v.),Bjørn Hellfuck og Ole Paus er alle klare for Utkantfestivalen i Skjerjehamn. (Foto: BA/Pressefoto/Endre Hopland)

Hellfuck, Nilsen og Paus til Utkant

Spelar i Skjerjehamn i juli.

Avisa for distriktet

Tips oss

A-pressekollegar

Annonsemarknaden

Rubrikk

Kontakt oss

Siste frå Origo

Populære saker

Flest livbøyer i vest

- Over 50 elevar ønskjer privatskule

Send di helsing til den glade vandrar

Vegmeldingar

Siste frå Origo

Endre Hopland E-post
Publisert 03.03.2010 kl 11:39 Oppdatert 04.03.2010 kl 08:18

Tips ein venn på e-post:

Det er no klart at to av dei mest publikumselska nykomarane i Bergen spelar under årets Utkantfestival i Skjerjehamn. Også Ole Paus set kursen mot Gulen siste helga i juli.

Utkantfestivalen i Skjerjehamn har namn på seg å skaffa gode artistar, og heller ikkje i år sviktar dei. Frå før er Ralph Myerz & The Jack Herren Band og Skambankt klare for å rocka havgapet.

No får dei selskap av landets kanskje drygaste band, ein gjeng genierklærte loddefjordingar og ein rusten, men folkekjær herremann.

- Ole Paus startar det heile torsdagen. Vi har tradisjon med ein visesongar opningsdagen, og vi er glade for å ha booka Ole Paus. Etter konserten vert det dans utover natta, seier presseansvarleg for Utkantfestivalen, Linn Dyveke Wilberg til Nh.

- Seksuelt eksplosiv rock

Der Ole Paus syng om det meste mellom himmel og jord, er fredagens trekkplaster noko meir selektiv i kva han puttar i låtane sine.

Bjørn Hellfuck fekk halve landet til å synga om krabbeklør i undikken siste halvdel av fjoråret, men radiohiten ”Krabbeklo i undikken” er utvilsamt det Hellfuck-songen som er mest beskjeden i ordbruken.

Det som byrja som eit undergrunnsfenomen i Bergen har verkeleg slått seg opp og fram dei siste månadane. For nokre veker sidan spelte Hellfuck for ein fullsett Peer Gynt-sal i Grieghallen, og no er bandet på Norgesturné med fersk plate.

Til sommaren ventar altså Utkant.

- Dette er seksuelt eksplosiv rock og visesong med ein ordbruk som kan gjera sjølv den mest garva sjømann blyg. Med Bjørn Hellfuck på scena vert det allsong, seier festivalsjef Viggo Randal.

- Manglar superlativ

Også lørdag er det musikk frå Bergen som står på agendaen. Genierklærte John Olav Nilsen og gjengen er saman med Ralph Myerz & The Jack Herren Band hovudattraksjonane.

John Olav Nilsen og gjengen er eit av fleire band frå Loddefjord som har slått gjennom dei siste åra, og med albumet ”For sant til å være godt” har Nilsen og band fått kritikarar rundt om i det ganske land til å ta av seg hatten og trilla femmarar og seksarar på terningane.

- Eit samla preseskorps manglar superlativ når Bergens nye ”Elvis”, John Olav Nilsen, skal beskrivast. Eg må seia meg samd, seier festivalsjefen.

200 helgepass selde

Eit litt mindre kjend, men absolutt lovande band, er også klar for Utkant. Mhoo, som mellom anna fekk ein seksar for sin opptreden under byLarm, er blant banda som spelar i Skjerjehamn siste helga i juli.

- Vi er veldig fornøgd med å få fatt i dette bandet, seier presseansvarleg Wilberg til Nh.

Ho kan vidare opplysa om at det allereie er seld 200 helgepass, endå det er fleire månader til festivalen går av stabelen.

- Det lovar jo veldig bra. I år kan vi risikera at enkelte dagar vert utseld, så det er nok lurt å vera tidleg ute med å kjøpa billettar, seier ho.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Følg fotballen

...

Nh liveteneste

...

Nasjonal og internasjonal fotball

...

Lokalfotball

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen

Bursdagshelsingar

...

Hipp Hurra!

Rubrikk

Avisa for distriktet

Lesarbrev

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.