Dørstokkmila.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Dagrun Stokke
E-post
|
|
| Publisert 19.02.2010 kl 15:07 Oppdatert 19.02.2010 kl 15:17 |
Tirsdag 2.mars startar ein ny sesong med ”Dørstokkmila”. 30 nye tirsdagsturar er plotta inn på programmet, og i tillegg er det klart for torsdagsturane.
Namnet ”Dørstokkmila” vert ofte brukt om folk som har problem med å koma seg ut av huset (over dørstokken). Men dei 104 som betalte kontingenten i fjor, hadde slett ikkje denne type problem.
Tvert om er det ein svært så turglad gjeng som i løpet av sesongen trakkar seg gjennom flate og meir kuperte løyper over heile Nordhordland.
Avpassar farten
- For at flest mogeleg skal få glede av turane, avpassar vi alltid farten etter kven som er med og for å passa på at alle er med vidare, har vi alltid ein turleiar både framme og bak, fortel styreleiar Johanne Seim og kasserar Kristin Valdersnes.
Med eit velspekka turprogram inviterer dei alle med på tur. Dersom du er i tvil om dette er noko for deg, får du sjansen til å vera med på nokre av turane for å sjå. Vert du med for godt, må du betala ei deltakaravgift for kvar tur.
Det nye turprogrammet er delt opp i fire ulike vanskegradar, frå fellestur i Knarvikområdet, Halsendalen, Lyngheisenteret og Golfbana rundt til Eiterdalen og Hordvikveten.
- Siste laurdagen i månaden trekkjer vi ut ti posar kaffi til seks deltakarar på tysdagsturane og til fire på torsdagsturane. Har ein vore med på ti turar eller meir, får ein ei T-skjorte. Og er du med på minst ti Dørstokk-miler og i tillegg er med på Knarvikmila, er du med i trekninga om ein tur for to Danmark, kan dei to damene fortelja.
Tur på sparket
Når det gjeld torsdagsturane er ikkje program sett opp på førehand. Folk møter berre opp klokka 11.00, og så tek ein turen på sparket når ein ser kven som møter opp og kva form deltakarane er i.
På tysdagsturane møter ein opp klokka 10.00 på parkeringsplassen ved ungdomsskulen i Knarvik, og så dreg ein av garde i felles bilar. Det skjer også på torsdagsturane, dersom det er bilar nok til alle. I motsett fall er det mykje fint turterreng i Knarvik-området.
Siste kommentarar