Vatnøy nominert til musikkpris.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 18.02.2010 kl 14:38 Oppdatert 18.02.2010 kl 15:17 |
Hanne Vatnøy er eit av fire nominerte til Musikkpraksis sin livepris for 2010. Du kan hjelpa den talentfulle artisten til topps i konkurransen.
Musikkpraksis delar kvart år ut to prisar, ein live og ein studio. Prisane går til dei to artistane/banda som får flest stemmer frå publikum og ein fagjury.
Hanne Vatnøy er altså nominert til liveprisen, som einaste Vestlandsbidrag.
Dei andre nominerte er Insense frå Oslo, Tellus Requiem frå Trøndelag og Slapdash frå Møre og Romsdal.
Prisen dei fire slåss om er verd 66 000 kroner.
- Kjempegøy å verta nominert. Eg sende inn ei låt før jul ein gong, og hadde eigentleg gløymt alt saman. Så fekk eg ein e-post der det stod at eg var ein av dei fire nominerte til liveprisen, seier Hanne Vatnøy til Nh.
Av fagjuryen i konkurransen vert beskrive som ein artist som leverer småinfantil og interessant akustisk pop i god Bergenstradisjon.
- Tankane går til Ephemera med fleire, skriv juryen som også gir Vatnøy pluss for bra liveuttrykk.
Vatnøy har sleppt fleire EP-ar tidlegare, og no er ho også snart klar med debutalbumet sitt.
- Eg har vore i studio, men alt er ikkje ferdig miksa enno. Etter planen skal albumet koma ut før sommaren, fortel ho.
Men no først er det altså Musikkpraksis sin pris som gjeld.
- Det var overraskande å verta nominert, men også veldig godt. Får ein jo til å føla at musikken har noko å fara med, seier ho til Nh.
Du kan gi di stemme til Hanne Vatnøy ved å følgja denne linken
Siste kommentarar