Olav Stedje fekk Medaas-prisen

I ei årrekkje har han gleda med visesong på sognemål.

Avisa for distriktet

Tips oss

A-pressekollegar

Annonsemarknaden

Rubrikk

Kontakt oss

Siste frå Origo

Populære saker

Flest livbøyer i vest

- Over 50 elevar ønskjer privatskule

Send di helsing til den glade vandrar

Vegmeldingar

Siste frå Origo

Ane Berentsen
Publisert 10.11.2008 kl 15:25 Oppdatert 11.11.2008 kl 08:35

Tips ein venn på e-post:

...
FEKK MEDAAS-PRISEN: Sogningen Olav Stedje vart søndag heidra med Medaas-prisen.

Det var stor stemning blant dei 450 frammøtte som fylde storsalen på DNS søndag kveld, då der vart arrangert festforestilling i høve 70-års jubileét for Ivar Medaas sin fødsel.

Konserten vart arrangert av styret for Medaas-prisen, som kunne presentere eit variert program.

Nokre av artistene som deltok for å hylla ein av våre mest folkekjære artister gjennom tidene, var Jan Eggum, Heimalanne med tidlegare prisvinnar Arne Bøe som solist, Tor Endresen, Julian Berntzen, Bjørn Jensen, ”Vestlandsrevyen” og ikkje minst Linda Fosse frå Alversund som mottok den første Medaasprisen i år 2000.

Bård Ose fra NRK Hordaland leda konserten med glød og smittande entusiasme.

Allsongen runga

Allsongen runga i salen, anført av songglade artister som alle uttrykte glede og takksemd for den musikalske arven og gjøglergleda vi har fått med oss både av Vestlands-duoen med Kari og Ivar Medaas, og av Ivar Medaas som soloartist og i samspel med andre artistar.

Årets prisvinner, Olav Stedje, stråla av glede då han mottok prisen, som består av ein plakett og ein sjekk på 25 000 kroner. Den vart delt ut av Kari Medaas og dottera Yngvill Medaas Skogen.

I grunngjevinga for tildelinga vart det lagt vekt på at Stedje, i likheit med Ivar Medaas, legg stor vekt på å få fram den lokale dialekta si i tekstane og musikken han formidlar.

Vinnaren kvitterte med å uttrykkjea si takksemd for den jobben Ivar Medaas gjorde for at det skulle bli akseptert å formidla tekstar på eigen dialekt.

Då Ivar i 1963 inntok scena på Chat Noir teater i Oslo med Hardingfele, gjøgleri og eit frodig strilamål, var det nok av skeptikarar, men Ivar`en tok snart hovedstadspublikummet med storm og suksessen var eit faktum.

Beskjeden kar med glimt i auget

- Eg er glad for at denne prisen er etablert, seier Kari Medaas til nh etter forestillinga.

- Prisen er med på å halde minnet om Ivar i hevd, samtidig som den gjev heider og ein positiv oppmuntring om stå på vidare til dei som mottek prisen.

- Om årets vinnar er Kari sin meining klar; Olav Stedje er ein verdig vinnar, ein litt beskjeden kar med glimt i auget, som syng flott på sitt vakre sognamål, seier ho

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Følg fotballen

...

Nh liveteneste

...

Nasjonal og internasjonal fotball

...

Lokalfotball

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen

Bursdagshelsingar

...

Hipp Hurra!

Rubrikk

Avisa for distriktet

Lesarbrev

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.