Lindås Ungdomslag leverer varene.
Kulturkalender | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 04.02.2008 kl 14:59 Oppdatert 04.02.2008 kl 15:55 |
Smakebitar frå ti ulike musikalar er kva Lindås Ungdomslag har å by på denne våren. Dei som ikkje fekk med seg showet i helga, bør kjenna si besøkstid neste helg.
Alt frå ”Les Miserables” til ”Bør Børson jr.” stod på programmet då Lindås Ungdomslag inviterte til musikalsamlinga ”Musikalske Venger” i Haugatun i helga.
Heilt sidan i haust har laget planlagt musikal, men denne gongen viste det seg å bli vanskeleg.
Det let seg ikkje gjera å få speleløyve til førestillingane laget ønskte å setja opp, og sidan ungdomslaget no består av 4/5-delar jenter, gav dei til slutt opp å finna ein passande musikal.
I staden gjekk laget for smakebitar frå ikkje mindre enn ti meir eller mindre kjende oppsetjingar.
Fanga publikum
Standarden vart sett allereie frå introduksjonen av, då ”The Phanthom Of The Opera”, ønska folk hjarteleg velkomne, på sedvanleg skummelt vis.
Men stemninga vart fort ein tanke lysare då to livlege songar frå ”West Side Story” vart framført med fargerik dans.
Anna S. Rosseland fekk publikum i perlehumør med si tolking av klassikaren ”I Feel Pretty”, og stemninga vart ikkje mykje dårlegare då Marius Rødland skrudde på sjarmen for Siv-Marit Rødland, som Bør Børson jr. i nummeret etter.
Dei to, som også er gift i det verkelege liv, har ein flott kjemi på scena, og med Siv-Marit si flotte stemme, og Marius sine fakter, vanka det mykje applaus frå dei mange frammøtte.
Mykje talent
At Lindås Ungdomslag spelar på fleire strengar, har dei vist igjen og igjen dei siste åra.
Nokre av dei aller største talenta i bygda har byrja med større prosjekt i Bergen, men det er neimen ikkje lett å merka. Det osar nemleg kvalitet av det som vert framført, og dødpunkt er eit framandord i denne settinga.
Særleg imponerer ungdomslaget stort i framføringa av den berømte fengselsscena ”Cell Block Tango” frå musikalen ”Chicago”, for ikkje å snakka om knallsterke prestasjonar i ”Les Miserables”, der norske versjonar av ”Can you hear the people sing” og ”Master of the House” rungar i lokalet.
Fornøyeleg
Førestillingane i helga var ei fryd for tilhøyrarane, men sidan det er to oppsetjingar også neste helg, skal vi ikkje røpa for mykje.
Det vi kan seia er at spekteret er vidt. Alt frå ulike versjonar av det å overleva utvandringa til Amerika, via bibelske Broadway-klassikarar til beinhard tankeidrett og broten kjærleik i Austen står på programmet.
Dei 19 skodespelarane på scena, inkludert gjesteartisten Hermann Vabø som nh skreiv om i samband med julekonserten i Lindås kyrkje i desember, gjer ein framifrå innsats i tidvis svært så krevjande roller, og det er fornøyeleg å sjå på.
Sjå fleire bilde frå musikalen her
Siste kommentarar