Vidar Ruud, gitarist i Seim-bandet Jumpin´ Back Flash, skal no i vår spela fire konsertar saman med sjølvaste Steve Phillips. Og det er slett ikkje små sko Ruud skal fylla.
Kulturkalender | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 18.04.2007 kl 09:39 Oppdatert 18.04.2007 kl 09:39 |
Mange kjenner nok til det populære, britiske bandet ”The Notting Hillbillies”, starta av Steve Phillips og Mark Knopfler etter at ”Dire Straits” vart oppløyst. Dei to gitaristane har begge legendestatus, og er hovudårsaka til at mange, mellom anna Vidar Ruud, byrja å interessera seg for gitaren.
I dag vert Ruud sett på som ein av dei aller beste Mark Knopfler-tolkarane i landet, og i mai skal han for alvor få visa kva han kan. Då skal han nemleg spela fire konsertar saman med eit av sine store idol, Steve Phillips. Og rolla som Mark Knopfler, den er det han sjølv som har.
- Idolet
- Det vert veldig rart å overta rolla til Mark Knopfler. Han er jo mitt store forbilde, seier Ruud, som i tillegg til å spela ”Rolling Stones”-låtar i ”Jumpin´ Back Flash”, også spelar førstegitar i ”Dire Straits”-coverbandet ”Sultans of Swing”. Det er også dette bandet som skal vera med Ruud og Phillips på turnéen.
Heilt sidan Ruud var på sin første konsert med ”The Notting Hillbillies” som 15-åring, har han vore hekta på den særeigne rockabilly-sjangeren. Då han i etterkant av konserten fekk høyra at Steve Phillips innimellom gjorde gjestespelingar med andre band, byrja idéen om ein turné i Norge å kverna i hovudet til gitaristen. No har idéen vorte alvor.
- Spelar på Rick´s
- Eg la fram idéen min for managementet til steve Phillips, og dei likte konseptet. Phillips sjølv takka ja til å vera med, og så var den delen i boks. Men det har vore enormt mykje arbeid med det heile, så no vert det spennande å sjå korleis billettsalet kjem til å gå, seier Ruud, som spelar første konsert i Oslo fredag 4. mai.
- Lørdag 5. mai står Bergen for tur. Her spelar vi på Rick´s, og det er plass til 600 publikummarar. Men klarar vi 300-400 er det bra, seier Ruud til nh.
Allereie no er det seld 100 billettar, så det kan tenkjast at det kan løna seg å vera ute i god tid dersom du ønskjer å få med deg ein musikalsk godbit i mai.
- God investering
Vidar Ruud legg ikkje skjul på at han har lagt ned mange arbeidstimar for å få i gang prosjektet, men han bekymrar seg ikkje veldig mykje dersom han skulle gå i minus.
- Eg trur uansett det er ei god investering. Dette kjem til å verta ei stor oppleving, og allereie no har prosessen vore veldig lærerik. Eg gleder meg verkeleg, seier Ruud, som frå managementet til Steve Phillips allereie har fått kompliment få i verda har fått før han.
- Eg hadde besøk av manageren hans, og då spelte eg gjennom ein del av materialet. Etterpå spurde han meg om det var eg eller Mark Knopfler som hadde spelt, så det får vi vel ta som eit godt teikn, smiler Ruud.
Siste kommentarar