Etter ein halv mannsalder med konsertar og revy i Haugatun, er det ikkje ei sjel på Lindås som ikkje veit kven Bjøn Olav Benjaminsen er. Søndag kveld vart han heidra med Lindås kommune sin frivilligpris.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 29.01.2007 kl 17:26 Oppdatert 30.01.2007 kl 18:01 |
- Kva kan eg seia? Dette er veldig hyggjeleg, seier Bjørn Olav Benjaminsen til nh, dagen etter den hyggjelege overraskinga frå Lindås kommune.
Då ordførar, Tove Brandvik tok ordet etter den siste førestillinga av revyen Om Att Att søndag kveld, var det få som ana noko om kva som var i vente. Benjaminsen ana minst av alle. Men då ordføraren kunngjorde kva ho hadde på hjarta, braut den fullsette salen ut i spontan applaus og trampeklapp, og hovudpersonen sjølv måtte opp på scena. Her vart han overaust av gåver, blomar og diplom, og det var ikkje vanskeleg å sjå at dette kom som eit sjokk på eldsjela. Derfor vart det heller ingen takketale, berre eit høfleg og rørt bukk til publikum, som svara med endå meir applaus.
Ein halv mannsalder
Då nh kontakta Benjaminsen mandag, hadde gårsdagens hendingar fått siga inn. Han legg ikkje skjul på at han vart overraska i Haugatun søndag, og takkar hjarteleg for merksemda. Men han understrekar raskt at det er mange som brukar mykje fritid på Lindås Ungdomslag, og at han ikkje på nokon måte vil ha æra for suksessen deira åleine.
Bjørn Olav Benjaminsen er eigentleg musikar, og det var gjennom musikken han vart kjent med Lindås Ungdomslag. Saman med bandet sitt underheldt han på 13 haustfestar på rad litt tilbake i tid, ein rekord som står fjellstøtt den dag i dag. Men på slutten av 70-talet fekk Benjaminsen opp augo for revyane i laget, og i 1980 var han med på si første, større oppsetjing, som kulissemakar. Sidan den gong har det berre balla på seg.
Les meir i onsdags-nh...
Siste kommentarar