Bjørn Olav heidra av minnefondet

Leif Øksnes brann for dei mange som gjer ein stor dugnadsinnsats for at andre skal kunna ha det kjekt. Søndag vart Bjørn Olav Benjaminsen i Lindås UL heidra med tildeling frå minnefondet.

Avisa for distriktet

Tips oss

A-pressekollegar

Annonsemarknaden

Rubrikk

Kontakt oss

Siste frå Origo

Populære saker

Flest livbøyer i vest

- Over 50 elevar ønskjer privatskule

Send di helsing til den glade vandrar

Vegmeldingar

Siste frå Origo

Atle Vaage E-post
Publisert 24.04.2006 kl 11:00 Oppdatert 24.04.2006 kl 11:01

Tips ein venn på e-post:

...
HEIDRA: Bjørn Olav Benjaminsen frå Lindås UL vart heidra med tildeling frå Leif Øksnes sitt minnefond søndag.

Leif Øksnes var ein av dei beste fotballspelarane i distriktet då han brått gjekk bort, berre 27 år gamal. Men Øksnes var og oppteken av meir enn berre det som skjedde ute på bana. Minnefondet er oppretta for å føra vidare hans tankar om å gjera noko for dei mange som jobbar utrøyteleg dugnad.

Ei betre ramme rundt utdelinga enn miniput-turneringa i Nordhordlandshallen kunne neppe vore valt. Mora Kari Gerd trekte då og fram den flotte aktiviteten i hallen som noko sonen ville sett pris på. På ein fin måte fortalde ho dei åtte-ti år gamle fotballspelarane kor fint sonen hennar hadde det med allsidig idrett, og korleis han alltid snakka om dei mange som ofrar seg for at andre skal få eit tilbod på fritida.

– Mange gjer eit stort og flott arbeid for andre, og i år har valet falle på Bjørn Olav Benjaminsen i Lindås UL, seier Kari Gerd Øksnes.

Benjaminsen sjølv er sjølvsagt takksam og beæra over tildelinga. Pådrivaren har jobba med ungdomslaget i 30-35 år.

– Hugsar ikkje heilt kortid det starta, men eg hugsar godt korleis. Vi var nokre karar som spelte musikk til revyar. Etter ei oppsetting oppdaga eg plutseleg at eg var ein av instruktørane, ler han.

Benjaminsen delar elles prisen med både laget og bygda.

– Bygda er glade i oss og vi i bygda. I år har det verkeleg tatt av for ungdomslaget, men så er vi då og bortskjemt med støtte og publikum, seier han.

Sjølve prisen består av eit diplom, samt ein pengesum. I det høve vart det og nemnt at det framleis er ønskeleg med fleire bidragsytarar til fondet. Både private, lag og verksemder kan bidra, nærare informasjon om det får ein hjå Sparebanken Vest i Knarvik senter.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Følg fotballen

...

Nh liveteneste

...

Nasjonal og internasjonal fotball

...

Lokalfotball

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen

Bursdagshelsingar

...

Hipp Hurra!

Rubrikk

Avisa for distriktet

Lesarbrev

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.