Bergen Teaterlag har tildelt Lindås ungdomslag teaterprisen Rampeløkten for den fantastiske oppsetjinga av musikalen ”My Fair Lady”.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Arthur Kleiveland
E-post
|
|
| Publisert 31.03.2006 kl 14:37 Oppdatert 06.04.2006 kl 15:18 |
Lindås ungdomslag gjorde stor suksess med ”My Fair Lady”, og det har hagla med gode kritikkar i ettertid. Ungdomslaget var ein av kandidatane til Ildsjel-prisane som sist helg vart delt ut i Bergen, og no får laget ”Rampeløkten”, ein av to teaterprisar som Bergen Teaterlag står bak.
– Med den flotte oppsetjinga av My Fair Lady var det ikkje vanskeleg å bestemma at nettopp Lindås UL fortener ”Rampeløkten 2005”, uttalar juryen.
”Rampeløkten” vert delt ut til spennande teaterprosjekt og solid innsats innanfor teaterlivet i Bergen og omegn. Tidlegare har mellom andre Ole Paus, Fyllingsdalen Teater, Ylvis, Kvinner på randen og Dukkenikkerne og Bergen Byspilll fått prisen.
– Utruleg moro
Overrekkinga skjer under Bergen Teaterforening sitt årsmøtet i morgon. Då skal også Lindås UL kvittera for ”Rampeløkten” med eit innslag. Bergen Teaterforening er ei forening både med sterk tradisjon og aktivt engasjement for teater.
– Utruleg moro å få ein slik pris. Ein kan få prestisjeangst av mindre enn dette. Men vi har beina godt planta på jorda. Målet er alltid å yta vårt beste ut frå føresetnadane, seier Bjørn Olav Benjaminsen, instruktør i Lindås UL.
På vegne av ungdomslaget tok han sist lørdag i mot ein pris på 20.000 kroner som ein av dei nominerte til Ildsjel-prisen. Under utdelinga på Ole Bull Scene gav ungdomslaget også ein gnistrande god smakebit på ”My Fair Lady”.
Villaste fantasiar
Teatergjengen leverte seks førestillingar med ”My Fair Lady” i løpet av to helger, litt av ein kraftprøve når kvar framsyning tok nesten tre og ein halv time.
– Responsen overgår våre villaste fantasiar. Det kan nesten ikkje beskrivast, men det er fantastisk gøy å få vera med på dette, seier Tor Halvor Halvorsen, som har rolla som professor Higgins i My Fair Lady. Halvorsen framhevar kjempeappararet som var i sving for å gjera oppsetjinga mogeleg.
”Rødt lys”
No er han i gang med å øva Rødt Lys, ei barneførestilling på Småscenen på DNS med Helge Jordal i hovudrolla. Framsyninga har premiere 7. juni
– Skikkeleg moro, men det går på feriedagane laus, seier Tor Halvor Halvorsen. I morgon skal han i aksjon under Rampeløkt-tildelinga i Bergen Teaterforening.
Siste kommentarar