At ”My Fair Lady” er ei amatørteaterførestilling er vanskeleg å tru etter at teppet har gått ned. Lindås Ungdomslag har i helga begeistra mange publikummarar i Haugatun. Spring og sjå!
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Lene Westrheim
E-post
|
|
| Publisert 30.01.2006 kl 15:06 Oppdatert 22.02.2006 kl 15:53 |
Historia om den fattige Eliza Doolittle, som ved hjelp av språktimar hjå professor Henry Higgins, går frå å vera blomeseljar på torget til fornem lady på slottsball, er sjarmerande, morosam og heilproff. Lindås Ungdomslag har til det fulle lukkast i å setja opp det som i følgje regissør Bjørn Olav Benjaminsen er laget si mest kompliserte førestilling nokosinne.
– På mange måtar har vi gjort det umoglege mogleg. Førestillinga er eit døme på kva som går an, dersom mange nok går inn for det, og jobbar målbevisst i lag, seier Benjaminsen til Nh.
For dei i salen kan ein kveld med My Fair Lady vanskelig verta anna enn ein fenomenal aftan. Ein kan ikkje unngå å la seg imponera av kulissar, kostymer og skodespel. Framsyninga er heilt profesjonell. Einkvar som har moglegheit, bør nytta høvet til å sjå førestillinga på Haugatun til helga.
Sjå bildeserie frå førestillinga her
Les meir i onsdags-nh...
Siste kommentarar