Nh har gjennomført ei utspørjing av dei politiske partia i Nordhordland og Gulen. Første ut er ordførarkandidatane i Radøy.
Spørsmål til ordførarkandidatane i Radøy:
1. Kva vil partiet gjera for å få aktivitet i lokalitetane etter Hordabøheimen?
2. Kva vil partiet gjera for å sikra opprusting av Manger skule?
3. Er partiet for eller imot å bruka kommunale midlar på eit musikkhus i samarbeid med folkehøgskulen/fylket?
4. Kva er det viktigaste miljøtiltaket som partiet vil setja i verk i Radøy?
5. Kva vil partiet gjera for å leggja forholda til rette for fleire arbeidsplassar i Radøy?
6. Korleis stiller partiet seg til kommunesamanslåing/evt. storkommune i Nordhordland? Ei kort grunngjeving.
7. Trekk fram dei tre viktigaste sakene for partiet i dei neste fire åra:
Frp: Roy Bø, ordførarkandidat:
1. Slik vi ser det er det drift i desse lokalitetane i dag, då det bur folk i trygdebustadane tilknytt heimen. Ei evt løysing med Hordabø idrettslag vil visa kva som skjer der i framtida.
2. Arbeidet med å finna ut kva som må/skal gjerast er allereie i gang. Det må setjast av pengar på investeringsbudsjettet.
3. Med den økonomiske situasjonen som er i kommunen, vil bruk av kommunale midlar til musikkhus ikkje vera høgt prioritert i FrP. Først må vi sikra opprustning av Manger skule.
4. Innkjøp av el-bilar ved utskifting av kommunal bilpark og få på plass bilansvarleg (allereie vedtatt etter forslag frå FrP), slik at bilane varer lenger. Fokus på straumsparande tiltak på dei ulike einingane. Leggja kabel i jorda på linja mellom Mongstad og Kollsnes. Fleire opningsdagar for levering av boss.
5. Eit verkemiddel er å gje nyetablert næringsliv fritak frå eigedomsskatt dei fem første åra. Me må få på plass resten av industriområdet på Olsvollstranda og sjå på nye næringsareal. Ha ei positiv og imøtekommande JA-haldning til dei som ønskjer å få til noko i Radøy.
6. FrP er positiv til å starte utgreiingsarbeidet om kommunesamanslåing. Det er særs viktig å ha eit godt grunnlag å ta ei slik avgjerd på. Vi ser både fordelar, t.d mindre ressursar til administrasjon og samling av fagmiljø, og bakdelar som t.d. at det er ein fare for at alt vert sentralisert rundt Knarvik og at det vert lengre veg mellom folket og dei som styrer. FrP vil gå inn for ei folkeavrøysting her.
7. Med den økonomiske situasjonen i kommunen er det ikkje rom for store sprell. For FrP vil det vera viktig å ha fokus på næringsliv og å skapa nye arbeidsplassar i kommunen. På sikt vil det føra til auka inntekter for kommunen. God økonomistyring og ikkje bruka over evne betyr at vi må gjera harde priotiteringar, og for FrP vil det viktigaste vera å sikra gode primærtenester til innbyggjarane. Delar av Radøy slit også med dårleg mobilnett og breiband, så dette vil vera noko FrP vil jobba for å utbetra.
Ap: Ann Christin Hoen, ordførarkandidat:
1. Vi skal arbeida aktivt for å selja Hordabøheimen til ein seriøs kjøpar som vil utvikla den på ein god måte, gjerne til små leilegheiter eller liknande.
2. Manger skule er planlagt opprusta i 2012, og me arbeider for å realisera det.
3. Vi er for å bruka kommunale midlar på dette. Musikk er eitt av varemerka til Radøy, og dette kan medverka til å trekkja til seg nye innbyggjarar og med det ny aktivitet og auka trivsel.
4. Vi har gjort mykje på miljøsida på Radøy - t.d. ved gode kjeldesorteringsløysingar gjennom NGIR, ladestasjonar for Elbilar og gode energistyringssystem på offentlege bygg. Men her står det framleis igjen arbeid, t.d. for å redusera energibruken ytterlegare, og leggja tilrette for fornybare energikjelder og varmepumper.
5. Kommunen må vera hjelpsam og syta for rask og effektiv sakshandsaming for dei som vil skapa ny næring i kommunen. Vi må også ha gode næringsareal tilgjengeleg og marknadsføra desse. Men vi må heller ikkje gløyma å støtta opp under eksisterande bedrifter. Betre vegar er og ein nøkkelfaktor.
6. Vi er positive til å vera med på den utgreiinga som er starta i samarbeid med nabokommunane. Ein felles kommune kan vere med på å styrkja Nordhordland som region. Regionen er alt i dag ein felles arbeidsmarknad og har også mykje anna felles både innan næring, det offentlege, kultur og idrett. Men som sagt, saka skal først utgreiast og drøftast grundig.
7. - Gode oppvekstvilkår og utdanning for born og unge. - Ei god eldreomsorg - Stimulera til nyetableringar og støtta opp under eksisterande bedrifter.
Krf: Grete Lunde, ordførarkandidat:
1. Om private aktørar ynskjer investera for å få til aktivitet i bygda si, bør dette leggjast til rette for og oppmuntrast til frå kommunen si side.
2. Vi har sett av midlar til dette på inneverande budsjett, og vil prioritera å setja av midlar på kommande budsjett for å få skulen i tenleg stand.
3. Generelt er KrF positiv til samarbeid, og gjerne med fylkeskommunen og eventuelle private aktørar som kan vera interessert. Vi kunne også tenkja oss eit privat/offentleg samarbeid når det gjeld andre aktivitetstilbod, t.d. ei bowlingbane.
4. Vi vil prioritera tiltak som fremjar miljø og rettferd. Dette kan vera alt frå at kommunen nyttar fair-trade produkt ved innkjøp av kaffi, til at vi tenkjer energisparing ved oppvarming av alle kommunale bygg, inklusiv kyrkjene.
5. Vi vil leggja til rette for alternative næringar innan landbruk, til dømes gardsturisme, lokalprodusert mat og friluftsaktivitetar. Gründerar og andre næringslivsfolk skal møtast med positiv haldning når dei tek kontakt med kommunen. Service og kvalitet skal vera i fokus. I inneverande periode har vi prioritert å kunna tilby næringsareal for interessentar, og dette vil vi fortsetja med. Gode vegar og attraktive bustadområde er avgjerande for vekst og utvikling både innan næring, og for å auka innbyggjartalet.
6. KrF er positiv til å utgreia kommunesamanslåing. Det viktigaste for oss er at innbyggjarane har god kvalitet på tenester innan barnehage- , skule - og helsesektoren lokalisert i kommunen.
7. Prioritera tilstrekkelege rammer til barnevernet, slik at utfordringane innan sektoren blir ivareteke på ein tilfredsstillande måte. Auka instutusjonstilbodet og dagtilbodet for demente. Byggja ut eit godt bu -/avlastningstilbod for unge med psykiske lidingar som må bu utanfor heimen som følgje av behov for særleg omsorg.
Sp: Jon Askeland, ordførarkandidat:
1. Det er framleis aktivitet i trygdebustadene i Hordabøheimen,- desse representerer også verdiar for kommunen. På andre sida krev hovudbygningen store investeringar for moglege kjøparar. Kommunen må difor fortsetja dei gode drøftingane med Hordabø idrettslag. Me vil at Radøy kommune skal landa ein avtale som sikrar at idrettslaget får sunn økonomi i drifta av laget, kombinert med korrekt forvalting av kommunale verdiar.
2. Opprusting av Manger skule var det Radøy Senterparti som tok initiativet til, og dette er førsteprioriteten vår på investeringane i Radøy kommune framover.
3. Det er Hordaland fylkeskommune sitt ansvar å byggja undervisningslokale ved Manger Folkehøgskule, på same måte som ved andre fylkeskommunale bygg. Det fylkeskommunen har spurt om, er om kommunen kan bidra med husleigeavtalar. Me er positive til å vurdera om musikkskulen kan verta leigetakar.
4. Ved sida av arbeidet med å få Mongstad-Kollsnes i kabel og U864 heva, er revisjon av avløpsplan det viktigaste miljøtiltaket å få sett i verk.
5. Nordhordlandspakken med ny veg over Radøy og ny Alversundbru er svært viktig for vidare vekst i Radøy. Difor er me også positive til å starta forarbeida med Tverrsambandet. Me vil bidra aktivt i næringslivsarbeidet i Nordhordland, og foreslår i programmet at Radøy søkjer seg inn i samarbeidet om næringskonsulenten i Lindås/Austrheim. Me vil vidareføra næringslivsmøtet og bidra til entreprenørskapskultur. Olsvollstranda skal bli aktivt næringsområde og me vil styrkja utviklinga av Manger Senter.
6. Me sluttar oss til det vedtekne utgreiingsarbeidet, der ein vurderer kva som tener oss best av å gå vidare som eigen kommune, meir interkommunalt samarbeid, eller ein ny kommune. Me støttar også vedtaket om å halda rådgjevande folkeavrøysting i saka.
7. At Radøy kommune heile tida leverer best mogleg tenestekvalitet til innbyggjarane. Me er spesielt opptekne av at den ferske kvalitetsmeldinga for skulane i Radøy vert iverksett. Me ønskjer tilsvarande satsing i barnehagetilbodet. Det er vert ei stor oppgåve også i Radøy å møta samhandlingsreforma sine nye oppgåver for kommunane. Å gjennomføra kulturplanen er sjølvsagt ei hjartesak for oss.
H: Kenneth Murberg, ordførarkandidat:
1. Så lenge kommunen ikkje har nytte av Hordabøheimen til eige bruk, så bør denne seljast til private/lokale aktørar med gode planar for utvikling og verdiskapande aktivitetar som styrkar lokalsamfunnet.
2. Ved sist valg vart det delt ut flygeblad for ny skule på Manger, det er synd at desse planane ikkje var oppriktig meint og stoppa med flygebladet. Hadde det blitt lagt fram seriøse og realistiske finansieringsplanar rundt dette ville Høgre truleg støtta planane til SP og ny skule hadde no stått klar i bruk på Manger.
3. Høgre vil vera pådrivar i planar om opprusting av Manger skule. Høgre er positive til at det blir utarbeidd planar. Fylkeskommunen må stå som byggherre, og ta driftskostnadane. Så får vi sjå om kommunen kan vera med på delar av investeringa med basis i avtale om brukstid for kommunen sine lag og org. Høgre vil ikkje prioritera dette prosjektet på bekostning av investeringar på skule og eldreomsorg/ sjukeheimsplassar, eller om det måtte føra til auka eigedomsskatt.
4. Opprydding av Jotun-tomten er svært viktig i miljøsamanheng. Det vil kunna føra til at tomten bli attraktiv for etablerarar som kan skapa ny aktivitet. Høgre seier konsekvent nei til kraftlinjer over vår øy.
5. Næringspolitikk har vore forsømt gjennom 20 år. Konsekvensane er tap av arbeidsplassar og manko på nyetablering. Høgre arbeider med ei omfattande og nytenkjande satsing på bl.a. næringslivet i kommunen.
6. Spørsmålet om storkommune kan vanskeleg svarast på per dato, då konsekvensanalysen ikkje er ferdig utarbeidd. Dette er eit omfattande spørsmål som krev at alle sider blir nøye evaluert. Ei samanslåing må fundamenterast i endringar til folks beste og ikkje medføra auka byråkrati.
7. * Nei til auke i eigedomsskatten. På sikt skal denne heilt bort!! ? Næringspolitikk. Ein strategisk plan for Radøy som næringskommune er under utarbeiding. * Radøy som ja-kommune. Innbyggarane skal behandlast med respekt. Høgre jobbar for å løfta Radøy kommune til landets beste servicekommune.
V: Frode Hervik, ordførarkandidat:
1. Dersom kommunen blir tilkjend råderetten over Hordabøheimen, må ein gjennom ein politisk prosess avklara kva som skal skje med bygget. Venstre er ikkje fastlåst til noko bestemt løysing.
2. Venstre vil prioritera investeringsmidlar til Manger barneskule, og vil vurdera å byggja ny skule i staden for å rehabilitera eksisterande. Me vil også setja av meir areal til dette føremålet.
3. Venstre vil realisera nytt musikkhus i samarbeid med Hordaland fylkeskommune, og er dermed også villig til å nytta kommunale investeringsmidlar på eit slikt prosjekt.
4. For Venstre er det viktig å ta vare på kystnaturen me har på den grøne øya, fordi den er vakker, spesiell og inneheld utryddingstrua artar. Dessutan er det viktig å følgja opp kommunen sin klima og energiplan, for å sikra ein framtidsretta miljøpolitikk basert på moderne teknologi og ENØK. Venstre vil difor mellom anna kjøpa inn kommunale EL-bilar til heimetenesta ved utskifting.
5. Venstre vil ha ein næringspolitikk som legg betre til rette for gründerar og nyskaping. Me vil få utarbeidd ein næringsplan som spissar satsinga på nokre utvalde område, marknadsføra kommunen som ein attraktiv stad å etablera verksemd og skapa eit tett samarbeid mellom kommunen og næringslivet. Tverrsambandet og tiltaka i Nordhordlandspakken vil også vera viktig for næringslivet.
6. Venstre har gitt tilslutnad til å utgreia nærare fordelar og ulemper med ei kommunesamanslåing. Spørsmålet om samanslåing må etter vår oppfatning sjåast i samanheng med ein forvaltningsreform,der ein desentraliserer makt frå staten til kommunane. Viss det skjer, treng ein større kommunar. I dag treng me strengt tatt ikkje ein storkommune.
7. Venstre vil ha ein betre skule for kunnskap og kreativitet. Difor vil me mellom anna satsa på vidareutdanning for lærarar og kvalitetsutvikling. Me vil ta vare på den vakre kystnaturen, og redusera forureininga gjennom moderne miljøløysingar. Me vil ha ei nyskapande næringsutvikling som hjelper gründerar og småbedrifter fram.
Raudt: Bjarte Sæbø, ordførarkandidat:
1. Hordabøheimen kan gjerast om til ein vandrarheim/ungdomsherberge, som turisthyttene på fjellet. Dette i regi av Radøy Idrettslag og Norges Turistforening. Radøy og Hordabø som Bergen sin port til kystkultur og kystnatur.
2. Be staten, slik vi har gjort i denne perioden, om å auka løyvingane til kommunane, og øyremerka til skuleutvikling. Skule er eit europeisk prioritert satsingsområde, heilt avgjerande for det sosiale miljøet, i bygde- og bydelsutviklinga.
3. "Meir demokrati" i eit moderne samfunn, er først og fremst avhengig av utfordringar frå nyskapande samtidskunst. Raudt er derfor for auka løyvingar til utvikling av skapande musikkliv og slik også for det ti-årige og regionale Senteret for Samtidskunst i Nordhordland.
4. Reinsing av gass frå Mongstad utan kreftframkallende reinsestoff og fjerning av ubåten i "matfatet". Straks kreva ei nødvendig, elektrisk forstadsbane - Bergen, Meland, Kviste, Manger, Austrheim og Knarvik. Stansa gjengroing for å utvikla kulturlandskapet.
5. Halvera ordførar-løna, og bruka pengene til jobbskaping. Bedrifter blir i dag lagt til sosiale utfordrande og spennande buområde, der ungdom ønskjer å bu og arbeida.
6. Ein storkommune inneber lengre avstand mellom folk og den politiske makt. Dette er kun ei statlig effektivisering, men på lokalplan ei arrogant umyndiggjering av det sosiale samfunnet.
7. 1. Eit frittståande "Ungdommens Hus". Avgjerande for næringsliv og infrastruktur i ein spennande og attraktiv kommune. 2. Eit nytt spennande burettslag for ny-etablerarar. Energieffektive hus,,med lågt innskot og låg leige – vil gjera kommunen unik for nye familiar. 3. Ein skule med kortare skuletid med fokus på kunnskapsinnlæring, og ikkje på oppbevaring. Ein barneskule med leksefri etter skuletida gir ein sosial og kunnskapsrik neste generasjon!
Så, kva meiner du som lesar?
Sei di meining på Radøy kommune si valsone
Her kan du sjekka meiningsmålingane for Radøy kommune
Sjå også valsider frå Radøy i papiravisa onsdag 24. august. Har du ikkje papiravisa tilgjengeleg, kan denne kjøpast i PDF-format her