...

Radøy/Manger på rett spor

No er resten opp til foreldra.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Randi Bjørlo E-post
Publisert 01.02.2010 kl 12:00 Oppdatert 02.02.2010 kl 15:07

Tips ein venn på e-post:

Det ekstraordinære årsmøtet i Radøy/Manger Fotballklubb gav samrøystes oppslutning om den kursen som styret har vald for vidare drift av klubben.

- Diverre kunne oppmøtet vore større, berre 16 personar av ein medlemsmasse på 500 møtte. Og dei som møtte, er eldsjelene våre og nokre få til, seier klubbleiar Truls Berntsen.

Han er likevel optimistisk i forhold til klubben si framtid.

Det ekstraordinære årsmøtet søndag er eit resultat av at Radøy/Manger rett og slett ikkje har folk til å driva klubben. Styret har sett situasjonen så alvorleg, at dei har vurdert å leggja ned drifta.

Men først vil dei prøva frivillig tvang. Det inneber at kvart av laga i klubben må stilla med minst ein trenar, ein lagleiar og ein person som skal inngå i klubben sin organisasjon.

- Dette fekk vi altså gjennomslag for på møtet. Kvart lag har fått frist til førstkommande søndag til å koma med lagliste og namn på desse personane. Deretter set vi i styret oss ned og syr saman ein kabal. Og den nye organisasjonen vil bli presentert og styret valt på ordinært årsmøte søndag 21. februar, seier Berntsen.

Han seier han har tru på at ei slik ordning kan betra arbeidsvilkåra betydeleg.

- Eg har hørt at foreldregrupper rundt om har diskutert og godtatt ei slik løysing. Her har vi lagt ein liten, men veldig viktig stein på vegen, seier Berntsen som er klar på at ei slik omlegging av organisasjonen vil kreva god oppfølging vidare.

Riset bak spegelen for lag som ikkje leverer liste, er at laget ikkje vil bli meldt på i serien, ikkje får tildelt treningsutstyr eller treningstid i Radøyhallen, får siste prioritert til treningstider på anlegga ute, og vert ekskludert frå Manger Cup.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.