Utsal i lokala som tidlegare husa Radøy Steinindustri.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Atle Vaage
E-post
|
|
| Publisert 26.01.2010 kl 14:41 Oppdatert 26.01.2010 kl 14:41 |
Skjelvik selde seg ut av verksemda han sjølv drog i gang våren 2007, etter ni års drift.
Sidan har han drive enkeltmannsfirma med skifer, gråstein, piper og flislegging som arbeidsområde.
I fjor haust gjekk Radøy Steinindustri konkurs. No dreg Skjelvik altså i gang att, men berre den delen som har med gravstein å gjera.
- Eg har fått inn ei utstilling med over tretti stein, og legg opp til å ha ope torsdag, fredag og lørdag den andre helga i februar. Etter det vert det ikkje ordinære opningstider, men i staden slik at folk kan kontakta meg og koma hit i ro og mak etter avtale, seier han.
Spesiell situasjon
Etter å ha jobba med sal av gravstein i ei årrekkje tidlegare, meiner han dette er den beste løysinga for eit slikt utsal.
- Å skulla velja gravstein er jo ein spesiell situasjon. Mange ønskjer og å ha familiemedlemmar med seg. Då trur eg dei set pris på å vita at dei kan koma hit og vera åleine, og bruka den tida dei treng.
- Sidan dei fleste har jobb å ta omsyn til, er det og erfaringsmessig slik at mange ønskjer å kunna koma på ettermiddag, seier han.
Trebarnsfaren frå Bø skal og driva med opprusting av gamle steinar, samt inskripsjon nummer to når den andre av to ektefeller går bort.
Steinane kjem som halvfabrikat, og vert gjort ferdige på Manger.
- Eg har eit godt samarbeid med Sætre Stein i Arna, og tek inn stein frå ein rekkje leverandørar.
Også på dette området er det jo slik at det er trendar på kva folk ønskjer, seier han.
Trivst best ute
Å det meste selde verksemda 60 steinar i året førre gong Skjelvik dreiv.
Medrekna all aktiviteten var ein oppe i sju mann i ein periode.
Men å starta opp att ordinært butikkutsal ser ikkje Skjelvik for seg med det første.
- Trur det kan vera fornuftig å ha dette med gravsteinane ved sidan av utejobben. Det er og slik at det er det å vera ute og jobba med stein og flis som er det eg trivst aller best med, seier han.
Siste kommentarar