Droppar vindmøller på Radøy

- For lite vind og for sterk motstand.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Atle Vaage E-post
Publisert 17.02.2009 kl 15:31 Oppdatert 17.02.2009 kl 16:11

Tips ein venn på e-post:

...
TREKKJER SEG: Vestavind kraft trekkjer si melding om at selskapet vil byggja vindkraft på Radøy. Mjøs Vindpark går derimot vidare med planane.

For lite vind og motvind hjå grunneigarane gjer at Vestavind kraft gjev opp Radøy vindpark. Danskeigde Mjøs Vindpark går derimot vidare med sine planar.

- Målemasta vi ha hatt ståande på Villanger har vist at det er meir turbulens enn venta, og i tillegg mindre vind. Det gjer prosjektet meir teknisk krevjande, og mindre lønsamt, skriv Astrid Håvik i BKK Produksjon i meldinga som i går gjekk ut til mellom anna Radøy kommune og Norges Vassdrags og Energidirektorat (NVE).

Ho viser og til den lokale motstanden.

To selskap

To selskap har meldt interesse for å byggja ut vindkraft på Radøy. Vestavind Kraft har gitt sitt prosjekt namnet Radøy vindpark, medan danskeigde Gefion står bak Mjøs Vindpark.

Områda dei to selskapa har merka ut overlappa delvis kvarandre, og Norges Vassdrags og Energidirektorat (NVE) gjorde det under eit folkemøte på Sletta i fjor haust klart at det maks ville vera plass til ein utbyggjar i området.

Danskane sin søknad dreiar seg om utmarka mellom Villanger og Mjøs, medan Vestavind har vore meir vage og nøya seg med å setja ein ring rundt eit større område nord på Radøy. Hovudskilnaden er at Vestavind også har hatt med planar om møller i Haugland-området.

Mjøs Vindpark har allereie etablert intensjonsavtalar med fleirtalet av grunneigarane i området. Eit eige grunneigarlag er etablert som følgje av planane om vindkraft.

15 av 16 medlemmar har skrive under intensjonsavtale, i tillegg har to grunneigarar som er motstandarar latt vera å bli med i grunneigarlaget.

- Claus Gad Rassmussen i Mjøs Vindpark seier at dei går vidare med sine planar, og at dei meiner det er rikeleg vindressurs i området.

Har reagert på Vestavind

Vestavind kraft på si side har møtt motvind, særleg frå grunneigarane i Haugland-området.

Knut Magnus Haugland har leia an i motstanden. Han var naturleg nok svært godt nøgd då han i går fekk melding frå BKK om at prosjektet vert skrinlagt.

- Her på Haugland har det vore 100 prosent motstand, vi har heilt andre tankar om kva området kan brukast til. Må seia at vi har reagert på måten BKK og Vestavind har gått fram på.

- Ein får presentert ein avtale som helst skal signerast i full fart, lenge før folk veit noko om kva dei eigentleg skriv under på. Den informasjonen vi har om prosjektet og vindkraft i dag, har vi fordi vi sjølve har stått på og skaffa den til veges.

- Det er nærliggande å seia at utbyggjar nærmast forsøker å føra folk bak lyset, seier Haugland.

...

Store steinblokker rasa ut

Meland Stengd mellom Mjåtveit og Dalstø. Les meir

...

Klart for Hot Club de Norvege

Puls Det blir både sag og svingande rytmar når Hot Club de Norvege skal få Knarvikmil-veka til å svinga fredag kveld. Les meir

...

Plateklare på heimebane

Puls Heimalanné slepp plate nummer fem. Les meir

...

Vil ikkje tvangsflyttast

Gulen Hilmar (75) nektar sjukeheim. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Endeleg i mål!

Puls På Nordkapp. Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Evanger bru - Bolstadtunnelen, ved Godfarskolten
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til torsdag og lørdag fra 07:0...
Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Sveio - Stord (Bømlafjordtunnelen)
Redusert framkomst:
Manuell dirigering på grunn av vedlikeholdsarbeid i periodene: Søndag og mandag...
Ev 39 Osvegen, ved Hamrevegen (i Bergen kommune)
Redusert framkomst:
Manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til torsdag fra 20...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.