...
RASA UT: Store steinblokkar rasa ut mellom Dalstø og Mjåtveit torsdag ettermiddag. (Foto: Thomas Wallem)

Store steinblokker rasa ut

Stengd mellom Mjåtveit og Dalstø.

Publisert 02.09.2010 kl 19:17 Oppdatert 03.09.2010 kl 08:16

Tips ein venn på e-post:


Fleire store steinblokker rasa ut i vegen ved avkjøringa til Dalstø torsdag ettermiddag.

Politiet trur steinblokkene kan ha rasa ut i samband med sprenging på vegparsellen mellom Mjåtveit og Dalstø.

Steinblokkene skal ha løsna og ramla ned i vegen like før kl.16.00, og i følgje politiet låg det framleis ei stor steinblokk i vegen ein time seinare.

Mjåtveitvegen vart stengd for trafikk, og trafikken vart dirigert forbi Sagstad og Dale-krysset.

-Det var tendensar til kork forbi Sagstad skule, fortel ein bilist til Nh. Vedkomande valde difor å svinga av ved Meland Aktiv og kjøra om Fosse og Litlebergen, for så å koma ut igjen på Skjellangervegen om Brakstad.

- Det var fleire som valde denne omkjøringa då det tetta seg til på Sagstad, fortel vedkomande.

Mest lese no

...

Storfangst i Haglsundet

Lindås Politiet er godt i gang med å fylla dekket på ein av kranbåtane til selskapet Inseatech. På havbotn i Haglsundet finst det nemleg meir enn fisk og sjøstjerner. Les meir

...

Familiefar omkom i ulukke

Nyhende Namnet på mannen som omkom i trafikkulukka i Hjelmåstunnelen tirdag morgon er no offentleggjort. Les meir

...

Knarvik-kyrkja i det blå

Lindås Kraftig skot for baugen for Knarvik-kyrkja. Les meir

...

14-åring overraska med si vaksne stemme

Puls Mange lokale talent under årets UKM på Sæbø skule. Les meir


Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.