...
ULUKKESSTREKNING: Bjarte Skintveit bur tett oppi 80-sona på Steinberget i Meland. Førre veke skjedde det tre ulukker innanfor ein radius på 1,3 kilometer.

Tre smellar på tre dagar

- Bjarte bur midt i løypa

Endre Hopland
Endre Hopland Profil E-post
Publisert 03.03.2010 kl 10:31 Oppdatert 03.03.2010 kl 10:35

Tips ein venn på e-post:

...
MYKJE JOBB: I 20 år har Bjarte Skintveit jobba for 60-sone forbi tunet sitt. Velviljen er minimal, og papirbunken har etter kvart vakse seg stor.
...
ULUKKE 1: Buss av vegen. (Foto: Bjarte Skintveit)
...
ULUKKE 2: Bil mot busskur. (Foto: Bjarte Skintveit)
...
ULUKKE 3: Buss mot personbil. (Foto: Gro Anette Fanebust Kittang)

Førre veke skjedde det tre ulukker i løpet av tre dagar på den same, korte vegstrekninga. Bjarte Skintveit bur midt oppi det heile, og det er slett ikkje første året det smell utanfor stovedøra hans.

Tirsdag i førre veke kjørte ein bil ned eit busskur ved Oenkrysset på Ryland. Same dag hamna ein buss utfor vegen like nedanfor garden til Skintveit på Steinberget.

Fredag small det på nytt, denne gongen ved Honnatjønnet på Fløksand, der ein personbil og ein buss kolliderte. Alle ulukkene skjedde innanfor ein radius på 1,3 kilometer, den einaste strekninga med 80-sone i området.

Og den går rett forbi Bjarte Skintveit sin gard.

- Det er jo sjølvsagt ikkje vanleg med tre ulukker rett etter kvarandre, men dette er ein svært utsett strekning. Når våren kjem og sommardekka kjem på bilane, set folk opp farten. Då høyrer vi at folk hiv seg på bremsene, og det luktar svidd gummi nesten kvar dag, seier Skintveit.

Nesten-ulukke

Ulukkene i førre veke skuldast ikkje stor fart, men viser likevel at den smale vegstubben er ein utsett stad. At det er lov å kjøra i 80 på plassen gjer ikkje saka særleg betre.

- Det som er mest nervepirrande for oss er når vi skal ut i vegen. Heldigvis har det alltid gått bra, men det har vore like før, seier Skintveit.

Nærast var det ein gong då sonen Kristian var liten. Han var ute og leika på tunet saman med farmor. Etter seg drog han eit akebrett, og dette segla forbi han i bakken og ut i hovudvegen, der det vart overkjørt av ein bil i høg fart. Bilisten kjørte berre vidare.

- Kva sjåføren tenkte på er ikkje greitt å seia, men det viser jo kor gale det er. Vi har mykje besøk her, særleg i samband med julemessa og folk som vil i skogen og hogga seg juletre. Då må dei over vegen, og det kan vera direkte livsfarleg. På denne tida set eg ut varseltrekantar i vegen, seier Skintveit.

Underskriftskampanje

Vegen ut til Rossland skule har vore svært ulukkesutsett opp gjennom tidene, og etter ei tragisk dødsulukke tilbake i 1991 starta Bjarte Skintveit underskriftaksjon i område for å få ned fartsgrensa, som då var 80 km/t på heile strekket.

- Ulukka hadde nok ikkje noko med fart og gjera, det var låg sol og dårlege forhold, men i etterkant vart det samla inn over 100 underskrifter for nedsett fart.

- Rossland skule og samarbeidsutvalet hengde seg på aksjonen, og vi gjekk til kommunen med saka. Dei tilrådde nedsett fartsgrense på strekninga, og saka gjekk vidare til vegvesenet, fortel Skintveit, og legg samstundes til at han ikkje hadde særleg tru på at bygdefolket ville få gehør.

Lite velvilje

Men det fekk dei, og sjølv om det gjekk eit år før skilta kom på plass, vart det etter kvart 60-sone ut til Rossland. Men ikkje forbi Steinberget, der Skintveit bur.

- Av ein eller annan grunn gjorde dei seg den umaken at dei let det vera 80-sone den gode kilometeren mellom Fløksand og Ryland. I 1992 skreiv eg eit brev til vegvesenet og bad om ei grunngjeving for kvifor det ikkje vart 60-sone også her. Det same gjorde Rossland skule. Dette er tross alt skuleveg, og ikkje alle har rett på gratis busstransport, seier Skintveit.

Etter ei stund fekk han fire sider med paragrafar og forskrifter i retur frå vegvesenet. Ikkje noko som liknar på skjønn vart vist.

Nedst i brevet står det for tryggleiks skuld at det ikkje er høve til å søkja om nedsett fartsgrense igjen.

- Etterlyser handling

I 2000 laga fekk Meland kommune utarbeidd sin trafikksikringsplan, og i 2007 vart den same planen revidert. I planen står det om ei rekkje vegstrekningar som bør utbetrast, men så langt Skintveit kan sjå er det ikkje mange av desse det er gjort noko med.

I 2004 kom NAF på bana og tok opp trafikksikringsspørsmål for heile Nordhordland. Skintveit sende inn strekninga forbi huset sitt, og NAF svarte per brev at dei syntest det heile var graverande og at dei ville sjå nærare på saka.

Sidan har han ikkje høyrt noko.

- Vi høyrer på kraftige oppbremsingar heile året, og det er ikkje få gongar det har stått bilar i grøfta eller ute på jordet her i området. Kraftige bremsespor i vegen er også heilt vanleg. Både politiet og kommunen har kommentert strekket, og når det skjer tre ulukker på tre dagar vert mykje av det gamle vekt litt opp igjen. Vi etterlyser handling. Kva kan det kosta å skifta fire skilt?, undrar Skintveit.

Mest lese no

...

52 kommunalt tilsette i Lindås i streik

Nyhende I natt vart det brot i lønsforhandlingane mellom KS og arbeidstakarorganisasjonane. Les meir

...

Kø over Nordhordlands-brua

Matsider Trafikken står frå Nordhordlandsbrua mot byen. Les meir

MC-førar i rekkverket

Nyhende Sendt til Haukeland universitetssjukehus. Les meir

...

Kan forgifte deg sjølv

Nyhende 12.600 tonn av dette farlege avfallet går kvart år rett i søppeldunken under vasken.

Les meir


Avisa Nordhordland

Kvernhusmyrane 29, 5914 ISDALSTØ
Tlf 56355555, telefaks: 56355556
Webansvarlig: Endre Hopland
Ansvarlig redaktør: Randi Bjørlo

Nasjonalbiblioteket

Vi gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig. Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.