- Ja takk, seier idrettsrådet.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 26.02.2010 kl 15:27 Oppdatert 26.02.2010 kl 15:27 |
På Askøy er idretten styrt av eit kommunalt føretak med eit budsjett på ni millionar kroner årleg. Idrettsrådet i Meland ønskjer å adoptera ordninga.
Mandag kveld vart det kalla inn til ope temamøte der drift og vedlikehald av idrettsanlegga i Meland var sett på dagsorden.
Dagleg leiar av Askøyhallene KF, Geirulf Mikkelsen og rådgjevar for idrett og nærmiljøanlegg i Askøy kommune, Sverre Jokstad, var spesielt invitert for å fortelja om korleis dei har løyst utfordringane i sin heimkommune.
Idrettsrådleiar Bjørn Tore Hesjedal sit igjen med ei god kjensle etter møtet.
- Dette opplevde eg som positivt, og det verkar på meg som om politikarane som var til stades faktisk er interessert i ein ny input, seier Hesjedal til Nh.
Momsfritak
På Askøy gjorde dei grep då det vart bygt ny idrettshall på Ravnanger i 2004. Frå før hadde kommunen ein hall frå 70-talet, og då den nye hallen vart bygt vart det kommunale føretaket Askøyhallene KF oppretta.
Det at kommunen står som eigar av hallane gir eit momsfritak på 25 prosent, tilsvarande fleire millionar kroner årleg.
Askøyhallene KF har i dag 14 årsverk, fordelt på 25 tilsette, og det årlege budsjettet er på ni millionar kroner.
Så korleis fekk dei til noko slikt på Askøy? Og korleis fungerar modellen? Dagleg leiar Mikkelsen forklarar at dette slett ikkje er nokon heksekunst.
25 hallvertar
- Tanken var frå byrjinga av at idretten skulle ha aksjar i den nye hallen og betala for å driva den. Av økonomiske årsaker gjekk vi vekk frå å vera eit aksjeselskap, og etter mykje om, men, fram og tilbake vart vi til slutt oppmoda om å verta eit kommunalt føretak. Denne modellen gjekk vi for, og i styret vårt har vi i dag stort sett politikarar, samt medlemmar frå idrettsrådet, fortel Mikkelsen.
Før føretaket Askøyhallene KF vart oppretta jobba det eit par badevaktar og ein vaktmeister i den gamle idrettshallen på Askøy.
På dette tidspunktet var ikkje ting særleg sett i system, og dette førte til at noko av det første det nye føretaket tok tak i var administrasjonen.
- I dag er vi 25 tilsette, og når vi er på jobb er vi alle hallvertar. Alle gjer dei same oppgåvene, også vasking av toalett, fortel Mikkelsen.
- Hjelpa klubbane
Modellen Askøyhallen KF har basert seg på er betalingsidrett. Å leiga ei av dei fire salane i dei to hallane kostar 160 kroner timen, og i følgje Mikkelsen er det fullt til ei kvar tid.
Arrangement som fell utanfor trening og kamp er Askøyhallene KF hjelpsame med, men dei arrangerar ikkje ting sjølve.
- Filosofien er at vi skal hjelpa klubbane til sjølv å tena pengar, seier Mikkelsen.
Etter kvart som ting har gått seg til har føretaket også balla på seg. I 2006 overtok dei terapibassenget i kommunen, og driv no utleige av dette.
I 2008 fekk dei også ansvar for drift og vedlikehald av utandørsanlegga i kommunen, til saman ni kunstgrasbaner, tre grasbaner og eit friidrettsanlegg.
Betalt dugnad
Dei 25 tilsette dekkar den omfattande jobben i vekene, men i helgene er det klubbane sjølve som må i aksjon. Og dei jobbar ikkje gratis.
- Alle får betalt 125 kroner i timen. Det vert gode dugnadspengar til laget, og det er ein metode som fungerar veldig bra, seier Mikkelsen.
Økonomien i Askøyhallene AS er ikkje verst, men dei største investeringane, som opprusting av tartandekke og nytt ventilasjonsanlegg, klarar dei ikkje å kosta sjølv.
- Kvar gong vi har fått slike store utgifter har vi gått til kommunen, og kvar gong har vi vorte møtt med velvilje, fortel Mikkelsen.
- Samarbeid
Rådgjevar for idrett og nærmiljøanlegg i Askøy kommune, Sverre Jokstad, kan fortelja ein er avhengig av samarbeid for å få til modellen Askøyhallene KF brukar.
- Klubbane og kommunen må spela på lag for å få til dette, men det klarar vi også fint. Ein klubb ville i utgangspunktet ikkje vera med på dette her, men når dei såg korleis ting vart gjort tok dei kontakt og ville vera med likevel, seier han.
Økonomien er sjølvsagt eit vesentleg moment oppi dette også, noko Jokstad understrekar.
- Hadde ikkje idretten gått med på å betala for å bruka hallane, hadde ikkje dette vorte noko av. Det hadde vi ikkje hatt ein sjanse til, seier han.
Positive politikarar
Til stades på møtet i Meland Aktiv mandag var eit godt utval folkevalde frå Meland, samt ein del frå ulike idrettslag i kommunen.
Tonen frå politikarane var meir eller mindre samstemt, i alle fall frå dei som sa noko. Både Lars Barstad (V), Arnold Tveit (SP) og Atle Håtuft (Frp) peika på at dette er eit spennande prosjekt som dei gjerne vil ha opp i Levekårsutvalet så snart som råd.
Dette gledar idrettsrådsleiar Hesjedal, som no kjem til å pusha på for at dette skjer.
- Eg skal skriva referat til ordføraren, og der vil eg legga vekt på at det no er viktig at saka vert tatt vidare. På Askøy har dei sett verdien av førebyggande arbeid, og det håpar eg vi også kan gjera her i Meland, seier han til Nh.
Siste kommentarar