Skulle redda trailer.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 25.02.2010 kl 14:27 Oppdatert 25.02.2010 kl 14:30 |
Først kjørte ein trailer av vegen på Odland i Meland, og då bergingsbilen frå Falck kom for å assistera vart også denne ståande i sju steinar.
Den spesielle hendinga skjedde onsdag kveld.
Då berre traileren stod fast kom trafikken seg forbi, men bergingsbilen vart ståande på tvers i vegbana og blokka såleis all trafikk.
Nh fekk onsdag kveld fleire telefonar frå folk som kunne melda om at det byrja å danna seg køar på staden.
Enden på visa vart at nok ein Falck-bil måtte tilkallast, og denne fekk etter kvart både kollegaen og traileren av vegen.
Sjå fleire bilde frå redningsaksjonen her (Alle foto: Trond-Ole Husebø)
Siste kommentarar