Milepel for Bjørn West-museet.
Kulturkalender | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 28.05.2010 kl 09:49 Oppdatert 28.05.2010 kl 09:49 |
Sigfrid Lilletvedt vart onsdag besøkande nummer 50 000 på Bjørn West-museet sidan Kong Harald opna det 15. oktober 1994.
Den heldige vinnaren frå Nesttun var deltakar på ein gruppetur med Bergen Seniorbowlere denne onsdagen.
- Ho vart overrekt både diplom, gåvekort for to på middag på Einekavane like ved museet, overnatting for to på Stordalen Fjellstove, samt DVD med den nye Bjørn West filmen Christer Steffensen gav ut i vår, seier Arne Berg i Bjørn West-museet.
Etter omvisning og film på museet, fekk gruppa frå Bergen guida Bilvandring til Stordalen.
Bjørn West Museet vart opna 15. oktober 1994, 50 år etter opprettinga av militærstasjonen Bjørn West. Sidan den gong har det altså vore heile 50 000 innom museet på Matre
- I fjor var det igjen ei gledeleg auke i besøket, og vi håpar på at denne trenden held fram også i år, seier Berg.
Siste kommentarar