Matreelva opnar rekordtidleg.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 25.02.2010 kl 15:19 Oppdatert 25.02.2010 kl 15:19 |
Fylkesmannen har vedtatt ny forskrift for fiske etter laks og sjøaure i vassdraga i fylket. I Matreelva inneber dette at sesongen startar to veker tidlegare enn vanleg.
Den nye forskrifta innskrenkar fiskesesongen i mange elvar, og innskrenkinga skjer som følgje av at tilstanden for fiskestammane i mange av elvane i Hordaland er dårleg.
Hovudårsaka til detter er rømd oppdrettslaks og lakselus frå oppdrettsnæringa.
Dei nye forskriftene vart send ut på høyring 1. desember i fjor, og det kom ikkje mange innvendingar i høyringa.
Den einaste endringa i høve til framlegget, er at fiskesesongen startar to veker tidlegare i Matreelva i Masfjorden enn vanleg, det vil seia 1. juli.
Matreelva er ei av få elver i Hordaland som kunne visa til gode fangstrapportar i fjor.
Det er usikkert kor mykje laks og sjøaure som kjem tilbake for å gyta i elvene i Hordaland i 2010, men nokre prognosar er i følgje Fylkesmannen særs pessimistiske.
Han har difor oppmoda grunneigarlag og andre i den lokale forvaltninga til å følgja med på og eventuelt redusera fisket dersom det kan sjå ut til å verta for lite fisk til gytinga.
Dei nye føreskriftene gjeld vassdrag med gytande villaks og sjøaure. Enkelte stader er det tillete å fiska etter oppdrettslaks og regnbogeaure heile året.
I Nordhordland gjeld dette særleg for kraftutløpet i Matre, som ligg berre eit steinkast frå Matreelva.
Organisasjonen Bergen Sportsfiskere oppmodar alle sportsfiskarar i Hordaland til å rapportera inn all laksefisk dei får som har lakselus på kroppen.
Siste kommentarar