...
MERKELEG FISKEDØD: I øvre del av Marteelva er det funnen ein god del død sjøaure. Fisken er truleg daud som følgje av dykkarsjuke. Auren på bildet døydde ein meir naturleg fiskedød, då den vart kakka i skallen med ein stein. (Illustrasjonsfoto: Endre Hopland)

Fisken døyr av dykkarsjuke

Og det i Matreelva!

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Endre Hopland E-post
Publisert 29.12.2009 kl 15:10 Oppdatert 29.12.2009 kl 15:11

Tips ein venn på e-post:

...
ØVRE DEL: Fiskedøden har skjedd lengst oppe i Matreelva. Foto: (Foto: Arne Berg/Berg Fritid)

I haust har fleire titals sjøaure vorte funnen flytande med buken i vêret i Matreelva i Masfjorden.

Dødsårsaka ser, av alle ting, ut til å vera dykkarsjuke!

I slutten av oktober var Arnold Matre, som er leiar i Matre Elvelag, på sauesanking saman med ein heil skuleklasse.

Langt oppe i Matre-elva, like ved den vesle kraftstasjonen ved Hommelfossen, kom sauesankarane over ein god del daud aure.

- Det var mest småfisk vi fann, både elveaure og sjøaure, men det var såpass mange daude fiskar at eg tok kontakt med fiskeforvaltar Atle Kambestad hjå Fylkesmannen i Hordaland, seier Arnold Matre til Nh.

Dykkarsjukeeffekt

Ei stund seinare fekk Matre tilbakemelding frå Kambestad, og årsaka til fiskedøden var ikkje av den heilt vanlege sorten.

Auren hadde nemleg late livet som følgje av dykkarsjuke.

Forklaringa skal vera at kraftverket skapar ei overmetting av gass i vatnet. Dette skuldast i følgje forskarane ved Uni Miljø at rista der vatn vert suge inn i kraftverket, enkelte gongar har gått tett.

Når dette har skjedd har luft vorte suge inn saman med vatnet. Den ekstra lufta har ført til gassovermettinga i vatnet.

Når fisken får denne gassen i blodet oppstår ein tilstand tilnærma dykkarsjuke.

- Skjerpar overvakinga

Det vart observert død fisk i Matreelva fleire gongar i sommar og haust, men Jarle Hodne hjå BKK, som eig Hommelfoss kraftverk, fortel at situasjonen i Matre-vassdraget var spesiell ved dei to best dokumenterte tilfella av fiskedød.

- Det var i tørre periodar med lite vatn i elva. Då fekk elva nesten berre vatn frå Hommelfoss kraftverk, med mykje innblanda luft, seier han i følgje Bergens Tidende.

BKK lovar no å syta for å reinska den nemnde rista ved vassinntaket oftare for å forhindra at for mykje luft blandar seg med vatnet.

- No skjerpar vi overvakninga. Vi var ikkje merksame på kva som kunne skje med fisken når rista går tett, seier Hodne.

- God elv

Matreelva er ei svært populær fiskeelv. Faktisk var elva i 2008 best i heile Hordaland, med mellom 400 og 450 fanga sjøaurar i sesongen.

Arnold Matre ser ikkje for seg at fisk med dykkarsjuke kjem til å verta eit stort problem for sjøauren i elva.

- Fiskedøden har skjedd i øvste delen av elva, og ikkje der folk fiskar. Vi satsar på at rutinane kjapt kjem i orden, slik at vi ikkje får meir død fisk. Elva er svært god, spesielt med tanke på at den er regulert, og slik vil vi ha den også i framtida, seier Matre til Nh.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.