Kraftig skot for baugen for Knarvik-kyrkja.
Kommunestyret sendte i ettermiddag kyrkjeprosjektet i Knarvik ut på ei ny ørkenvandring. Eit klart fleirtal vil ha på bordet eit nytt kyrkjekonsept som i større grad enn no sikrar kommunen mot ei kostnadsoverskriding.
Eit mindretal på elleve (KrF med støtte frå to repr. for andre parti) røysta for å gje grønt lys for eit kyrkjebygg til totalt 76 millionar kroner.
- For dårleg
Hallvard Rydland (H) dundra til mot kyrkjeprosjektet heilt frå starten. Han gav strykkarakter både til detaljplanlegging og prosjektstyring, og meinte kommunestyret måtte stoppa prosjektet i denne omgang.
- Kostnads-vurderinga virkar lite robust. Planleggingsfasen held ikkje mål for eit så stort prosjekt. Kommunen påtar seg ein enorm stor risiko om vi seier ja, sa Rydland.
Krev mindre risiko
I vedtaket krev kommunestyret at Kyrkjeleg Fellesråd legg fram eit opplegg som sikrar ei gjennomføring av kyrkjebygget som er innanfor den økonomiske ramma og med ingen eller minimal risiko for kostnadssprekk.
- Eg er såra og vonbroten, seier Arne Ramslien (KrF) etter at utsetjingsvedtaket var eit faktum.
– La oss sleppa ei ny ørkenvandring, sa Ramslien i debatten, men nettopp det ser ut til å bli utfallet.
KrF ønskte å få utgreidd spørsmålet om bruk av kyrkjekjellaren til t.d. kulturskule, for dermed å få finansiert kjelleretasjen i kyrkja – eit forslag fleirtalet i formannskapet stod bak.
Snuoperasjon?
I formannskapet gjekk FrP inn for å bygga kyrkje etter dei opprinnelege planane, altså til 90 millionar kroner. Og i kommunestyret ivra fungerande gruppeleiar Nina Øverås for å bygga komplett kyrkje og dermed løyva ekstramillionane som var nødvendig.
- Vi vil ha ei sjudagars-kyrkje, sa Øverås. Men også FrP hoppa på utsetjingsforslaget, som vart lansert etter både gruppemøte og gruppeleiarmøte. Også Høgre gjorde snuoperasjon i forhold til formannskaps-innstillinga, men May Eva Sandvik prøvde etter beste evne å beroliga kyrkjetilhengarane med å forsikra om at Høgre framleis vil byggja kyrkje.
AP fornøgd
AP har vore skeptisk til Knarvik kyrkje lenge, og gruppeleiar Sveinung Valle la i debatten ikkje skjul på at han lytta til Halvard Rydland sitt innlegg med stor interesse.
- Eg set med litt av dei same bekymringane for økonomien i prosjektet. Men for oss er ikkje dårleg prosjektstyring årsaka til at vi vil utsetja kyrkja. Vi vil prioritera skule og meir hallkapasitet, sa Valle.
Før kommunestyret starta debatten hadde representantar for kyrkjeprosjektet orientert om situasjonen og ulike problemstillingar, og svara på spørsmål frå dei folkevalde.