...
VIL STARTA SKULE SJØLV: Skodvin-bygda vil skipa sin eigen privatskule etter nedleggingsvedtaket. Her er det Nora Gjerstad frå saniteten som trår til under eit arrangement på skulen i fjor. (Illustrasjonsfoto)

- Over 50 elevar ønskjer privatskule

Skodvin-krisen har no formelt sendt søknad om å få utsett nedlegging av skulen eitt år for å skipa privatskule. Over femti av dei nær 70 elevane vel truleg privatskule før Lindås.

atle vaage
Atle Vaage Profil E-post
Publisert 23.07.2010 kl 15:11 Oppdatert 23.07.2010 kl 15:11

Tips ein venn på e-post:


Sidan nedleggingsvedtaket i kommunestyret før ferien har ei arbeidsgruppe med elleve personar jobba hardt med planane om privatskule. Mellom anna er dei i ferd med å gjennomføra ei undersøking blant foreldra for å finna ut kva elevtal ein privat skule kan venta å få.

- Sjølve søknaden om å få utsett nedlegginga frå hausten 2011 til hausten 2012 er no sendt. Resultatet av brukar-undersøkinga vert ettersendt så snart vi har nådd alle. Men allereie har vi fått positivt svar frå kring femti elevar, seier Irmelin Larsen frå arbeidsgruppa. Det betyr i så fall at dei aller fleste Skodvin-elevane heller vil gå på ein privatskule i bygda enn å flytta over til Lindås.

Arbeidsgruppa reknar med at Montesorri-pedagogikken vert velt, og håpar og dei kan henta elevar utanfrå bygda. Regelverket seier at privatskular skal vera opne for alle, også elevar frå andre område.

- Vi ligg veldig sentralt til langs vegen dersom til dømes foreldre tilsette på Mongstad ønskjer å ha sine barn i ein Montesorri-skule, seier Larsen.

Fristen eigentleg ute

Fristen for å søkja etablering av privatskule gjekk eigentleg ut første april. Men arbeidsgruppa på Skodvin reknar med at Lindås kommune er villeg til å utsetja nedlegginga eit år for å gje dei nødvendig tid.

- Vi er for seint i høve fristen fordi kommunen utsette sitt eige vedtak i skulesaka i november. Eg håpar inderleg kommunen vel å samarbeida med oss, det ville vera utruleg dersom dei først let oss falla og så tråkkar på oss medan vi ligg nede. Særleg om ein tenkjer på korleis skulesaka i Lindås vart avgjort, seier Irmelin Larsen.

Grunnen må brukast til skule

Økonomisk reknar arbeidsgruppa at skulen skal la seg skipa utan større kostnadar. Skulepengane trur dei vert kring 300 kroner månaden. Ønsket å bruka dagens skulebygning til Montesorri-skule.

- Avtalen kommunen frå gamalt av har med grunneigar er slik at grunnen skal brukast til skule, elles fell eigedomen tilbake til grunneigar. Kommunen kan dermed ikkje bruka skulen til noko anna en skule, og grunneigaren er positiv til våre planar, seier Larsen.

Mest lese no

...

Storfangst i Haglsundet

Lindås Politiet er godt i gang med å fylla dekket på ein av kranbåtane til selskapet Inseatech. På havbotn i Haglsundet finst det nemleg meir enn fisk og sjøstjerner. Les meir

...

Familiefar omkom i ulukke

Nyhende Namnet på mannen som omkom i trafikkulukka i Hjelmåstunnelen tirdag morgon er no offentleggjort. Les meir

...

Knarvik-kyrkja i det blå

Lindås Kraftig skot for baugen for Knarvik-kyrkja. Les meir

...

14-åring overraska med si vaksne stemme

Puls Mange lokale talent under årets UKM på Sæbø skule. Les meir


Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.