Polske kvinner gjekk på husdører.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 12.03.2010 kl 16:11 Oppdatert 12.03.2010 kl 16:11 |
Politiet arresterte tre godt vaksne, polske kvinner som tigga på dørene til folk ulike stader i distriktet onsdag kveld.
- Det var ein tiggargjeng som var på ferde i distriktet onsdag, mellom anna i Knarvik og på Erstadfjellet. Vi har tidlegare oppmoda folk om å melda frå om slike tilfelle, og onsdag fekk vi altså inn fleire tips, opplyser politioverbetjent Svein Fammestad ved Nordhordland lensmannskontor overfor Nh.
Tre polske kvinner i 50-60-åra vart henta av lovas lange arm og sette i arresten.
- Ei av kvinnene var identisk med ein av tiggarane som oppførte seg trugande overfor folk i Bergen i førre veke. Vi fekk hand om henne, og kunne vidareføra saka, seier Fammestad.
Tigginga er i følgje politiet organisert. Vanleg framgangsmåte er at folk kjem på døra og sjekkar om denne er ulåst. Om den er det fortsett dei inn i huset, og tar med seg det dei måtte finna av interesse.
Om dei vert oppdaga held dei fram ein lapp der det til dømes står at dei er stum og døv og treng pengar.
- Dersom folk får tiggarar på døra bed vi dei melda frå til politiet, seier Fammestad til Nh.
Siste kommentarar