I årevis har foreldra på Alversund ropt etter trafikksikring.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Atle Vaage
E-post
|
|
| Publisert 08.03.2010 kl 14:54 Oppdatert 08.03.2010 kl 15:00 |
Trafikksituasjonen ved Alversund skule har vore eit heitt tema i ei årrekkje, ikkje minst etter storutbyggingane på Hilland og Ikenberget har det utvikla seg det reine kaoset om morgonen når barn skal leverast.
Det vert som kjent jobba med gangbru over hovudvegen. Men inntil den kjem på plass, gjer trafikksikringsutvalet i FAU ein innsats for å bevisstgjera foreldra sjølv på kva dei kan gjera.
- Målet er først og fremst å få fleire til å bruka parkeringa ved Kyrkjelydshuset og gå den korte vegen bort til skulen, seier Mats Ellingsen i trafikksikringsutvalet.
Kaotisk
Måndag var han og andre på plass i gule vestar og delte ut informasjon om trafikksituasjonen rundt skulen.
Snømengda i år har gjort området rundt skulen endå trongare. I åttetida var det fullt i rundkjøringa framfor skulen, rimeleg fullt utanfor bensinstasjonen, og heller ikkje så lett å ta seg fram i krysset mot Tveiten.
Med små barn på kryss og tvers innimellom bilar og bussar, har foreldra i fleire år frykta at det kan skje ei alvorleg ulukke.
Dei fleste tok imot informasjonen med eit smil, medan eit par møtte aksjonistane med å la vindauga forbli lukka. Også medan dei gule vestane var i sving, var det dei som parkerte på plassar kor dei ikkje skal stå.
Fire minutt ekstra
- Vårt mål er å gjera alle foreldre og barn merksame på korleis dei opptrer som forbilde når det gjeldt trafikktryggleik. Det tar til dømes berre fire minutt ekstra å parkera ved Kyrkjelydshuset og gå bort til skulen, seier Mats Ellingsen.
Han viser mellom anna til at foreldra ikkje skal bruka lærarparkeringa, eller plassen til bensinstasjonen.
- Parkering i rundkjøringa ved skuledøra, og i krysset mot Kyrkjelydshuset skapar og trafikkfarlege situasjonar, seier Elingsen.
Siste kommentarar