Ones føler seg urimeleg behandla.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Randi Bjørlo
E-post
|
|
| Publisert 08.03.2010 kl 11:43 Oppdatert 08.03.2010 kl 11:43 |
Huseigar Ole Tom Ones reagerer på den framstillinga saka om den vidare drifta av Garveriet har fått.
– Skuldingane på Facebook er tatt ut av einkvar samanheng, seier han.
- Går med overskot
Dette reagerer huseigar Ole Tom Ones på.
- Solsvik har lagt fram resultatrekneskap for ein periode i 2009 og budsjett for 2010 - inkludert husleige, som viser overskot, seier Ones til nh.
Han meiner han har strekt seg svært langt i dei seks åra Margunn Solsvik og Karstein Havreberg har vore leigetakarar på Garveriet.
- I denne perioden har eg både redusert husleiga med 10 000 kroner per månad og ettergitt eit betydeleg beløp i uteståande leige for å strekkja ut ei hjelpande hand, seier Ones.
Han leigde ut lokalet fullt utstyrt med møblar og driftsutstyr, slik at leigetakar ikkje trengte investera ei krone før dei sette i gang i 2004.
– Det einaste kravet var at driftsutstyret vart vedlikehalde. Dei som går på Garveriet veit korleis stolar og bord ser ut i dag, seier Ones.
Reagerer på Facebook
Huseigaren hadde ikkje tenkt å ta til motmæle mot kritikken som vart retta mot han. Men etter å ha sett nokre av dei skuldingane som er framsett av støttegruppa på Facebook, føler han grunn til å reagera.
- Det er tydeleg at dei som skriv der, ikkje er kjende med dei faktiske forholda, seier Ones rimeleg oppgitt over det han oppfattar som skitkasting.
- Tenk kva drift det kunne gitt for henne om dei same medlemane, meir enn 1300 på Facebook-sida, faktisk hadde gått på Garveriet, seier han.
Ones tilbakeviser og at Garveriet no vert stengt. Nye aktørar er klar til å ta over drifta av utestaden og restauranten i Isdalstø.
Siste kommentarar