...
ØKONOMISK RUIN: Margunn Solsvik meiner det vil vera økonomisk ruin å driva Garveriet på dei vilkåra huseigar krev. 31. mars avviklar ho drifta.

Slutt for Garveriet

- Nye aktørar inn.

Publisert 02.03.2010 kl 15:33 Oppdatert 02.03.2010 kl 15:33

Tips ein venn på e-post:


Garveriet Restaurant AS vert lagt ned, nye aktørar skal frå første april driva utestad og restaurant i Isdalstø.

- Då det ikkje har vore mogleg å koma fram til ein husleigeavtale med noverande eigar, ser eg meg nøydd til å innstilla drifta, seier Margunn Solsvik. Ho seier vidare at ho har jobba med å finna ei løysing på denne saka sidan ho overtok drifta i juni.

Solsvik seier til Nh at dei siste månedane har vore ei belasting.

- Eg føler eg har prøvd alt, no vil eg berre avslutta på ein verdig måte, seier ho. Solsvik takkar elles dei mange som har engasjert seg, ikkje minst via ei støttegruppe på Facebook.

- Det varmar i ei tung tid, seier ho.

Huseigar Ole Tom Ones forsikrar at det også framtida skal drivast utestad og restaurant i Isdalstø.

- Eg ønskjer ikkje å gå i detalj om leigeforholdet fram til i dag, anna enn at eg som huseigar har strekt meg svært langt i seks år på alle områder, særleg det økonomiske. Det einaste eg har kravd i seks år er at leigetakar betalar husleiga. No ønskjer eg å ha eit forhold til profesjonelle aktørar, seier Ones til Nh.

- Egil Arne Økland skal driva staden vidare, han har mellom anna erfaring som noverande innehavar av Torget Music Pub i Bergen.

Økland har også med seg ein partnar som skal stå for restaurant-biten.

Partnaren driv i dag 3 restaurantar i Bergen.

- Eg er godt nøgd med å ha fått til ein avtale med nye folk som kan driva staden, seier Ones.

Mest lese no

...

52 kommunalt tilsette i Lindås i streik

Nyhende I natt vart det brot i lønsforhandlingane mellom KS og arbeidstakarorganisasjonane. Les meir

...

Kø over Nordhordlands-brua

Matsider Trafikken står frå Nordhordlandsbrua mot byen. Les meir

MC-førar i rekkverket

Nyhende Sendt til Haukeland universitetssjukehus. Les meir

...

Kan forgifte deg sjølv

Nyhende 12.600 tonn av dette farlege avfallet går kvart år rett i søppeldunken under vasken.

Les meir


Avisa Nordhordland

Kvernhusmyrane 29, 5914 ISDALSTØ
Tlf 56355555, telefaks: 56355556
Webansvarlig: Endre Hopland
Ansvarlig redaktør: Randi Bjørlo

Nasjonalbiblioteket

Vi gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig. Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.