Håpar på dialogmøte.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Randi Bjørlo
E-post
|
|
| Publisert 25.02.2010 kl 09:39 Oppdatert 25.02.2010 kl 12:26 |
Eit samstemt planutval i Lindås vedtok i går å følgja rådmannen si innstiling om at Foss Eiendom AS får ny frist på å fjerna gjerdet rundt eigedomen sin til 19. mars i år.
Etter den datoen vert det iversett tvangsmulkt med kr. 1000 pr dag inntil vedtaket om fjerning av gjerdet vert stetta. Samtidig ønskjer kommunen å gå i dialog med Foss for å freista få til en minneleg måte å få løyst den fastlåste situasjojnen på.
Planutvalet har vald Øistein Moldekleiv og Ståle Hauge som sine representantar ti l dialogmøte i lag med ein representant frå administrasjonen.
- Møtet vert eit siste forsøk på å få grunneigar til å senda inn ein fullstendig søknad eller at gjerdet vert fysisk fjerna, seier Moldekleiv. Han fekk og planutvalet med på å senda saka til kontrollutvalet for vurdering.
Har fått nok
I eit ope brev til ordføraren gir Bjarne Foss til kjenne sitt syn på den kompliserte saka mellom Reklamehuset og Foss Eiendom som har versert sidan februar 2002 – alt grundig dokumentert med kart, vedtak og skriftleg korrespondanse mellom partane.
Det er tøff skyts den røynde forretningsmannen kjem med. Han synest det er ille at kommunen freistar å rana frå Foss disposisjonsretten til eigen eigedom.
Usanne skuldingar
- Det er alvorleg at det i kommunestyret kjem fram skuldingar mot privatpersonar som sakshandsamar veit ikkje er sanne, skriv Bjarne Foss .Han føler seg psykisk terrorisert i den såkalla gjerdesaka.
Og viser til at det i ein interpellasjon i kommunestyret kom fram at ein dagleg ser at skuleborn, arbeidstakarar frå Kim og andre må gå på trafikkfarleg veg i staden for å kunna gå meir trafikksikkert forbi Reklamehuset, der Foss har gjerda inn sin eigedom.
Kvifor opplyste ikkje ordføraren om at det ikkje var noko vedtak om at gjerdet skulle fjernast og at det ikkje er nokon veg som eg eller andre har stengt.
Det er rein ondskap at det i kommunen sitt høgste organ kjem fram skuldingar mot privatpersonar som sakshandsamar veit ikkje er sanne, seier Bjarne Foss.
Ingen gangveg
Ordføraren seier til nh at ho svarte utfrå Fylkesmannen sit vedtak, men at ho kunne svart meir i forhold til dei mjuke trafikantane.
- Foss sin eigedom er ikkje noko gangveg uansett om gjerdet står der eller ikkje, seier Astrid Aarhus Byrknes som håpar dei no vil finna ei løysing på den mangeårige saka.
Siste kommentarar