...
VIL HA DEBATT: Eit oppslag i NRK Hordaland, der Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes vart sitert på at ho ønska ein heimel der kommunane kunne forby stripping, skapte blest på fleire nettsider denne veka, mellom anna på www.nordhordland.no. Overfor Nh presiserar ordføraren at ho ønskjer debatt om temaet, ikkje nødvendigvis forbod. Bildet er frå den nyopna strippebaren Dreams Showbar i Bergen. (Foto: Magne Turøy, BA) Foto: Magne Turøy, BA

Ønskjer debatt, ikkje forbod

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Endre Hopland E-post
Publisert 05.02.2010 kl 14:24 Oppdatert 05.02.2010 kl 14:29

Tips ein venn på e-post:

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (Krf) ønskjer debatt om stripping som underhaldning og sex-fiksering i samfunnet.

Fredag kveld er det strippeshow med dansarar frå strippeklubben Dreams Showbar i Bergen på Garveriet i Isdalstø.

Onsdag melde NRK Hordaland at Lindås-ordføraren ønska at dei einskilde kommunane i Norge skulle ha moglegheita til å forby slike strippeshow som underhaldning.

Saka vart også omtalt på våre nettsider, www.nordhordland.no.

Overfor Nh opplyser no Lindås-ordføraren at oppslaget var tatt litt ut av samanhengen. Ho meiner likevel at temaet bør vera ope for debatt.

- Sex-fiksert samfunn

- Som eg sa til NRK og som ikkje er kome på trykk, så har eg aldri sagt eg vil ha noko forbod mot stripping. Men når eg fekk spørsmål om eg kunne tenkja meg å forby eit slikt arrangement så sa eg at kommunane i dag ikkje har heimel til det og at eg sjølv ikkje synes så mykje om denne type underhaldning, seier Aarhus Byrknes til Nh.

Ho meiner vidare at saka bør kunne drøftast sentralt med våre stortingsrepresentantar, noko som for ordføraren betyr å setja saka under debatt.

- Vidare sa eg til NRK Hordaland, og dette blei heller ikkje sett på trykk, at vi burde tatt debatten om det sex-fikserte samfunnet vårt, der grensene stadig blir tøya, og presset mange barn og unge føler når så mykje i dag omhandlar det å ha ein lekker kropp, seier ordføraren.

- Haldningsskapande arbeid

At debattemaet er reelt underbyggjer ho med at unge i dag har fri åtgang til verre ting enn eit strippeshow takka vera internett.

- Sjølv meiner eg at ein ikkje skal forby alt ein ikkje likar, men at vi bør kunne ha eit haldningsskapande arbeid og ei bevisstgjering omkring dette. Å setja temaet under debatt er noko heilt anna enn å forby, seier ho til Nh.

...

Store steinblokker rasa ut

Meland Stengd mellom Mjåtveit og Dalstø. Les meir

...

Klart for Hot Club de Norvege

Puls Det blir både sag og svingande rytmar når Hot Club de Norvege skal få Knarvikmil-veka til å svinga fredag kveld. Les meir

...

Plateklare på heimebane

Puls Heimalanné slepp plate nummer fem. Les meir

...

Vil ikkje tvangsflyttast

Gulen Hilmar (75) nektar sjukeheim. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Endeleg i mål!

Puls På Nordkapp. Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Evanger bru - Bolstadtunnelen, ved Godfarskolten
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til torsdag og lørdag fra 07:0...
Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Sveio - Stord (Bømlafjordtunnelen)
Redusert framkomst:
Manuell dirigering på grunn av vedlikeholdsarbeid i periodene: Søndag og mandag...
Ev 39 Osvegen, ved Hamrevegen (i Bergen kommune)
Redusert framkomst:
Manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til torsdag fra 20...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.