...
LUKTAR DÅRLEG: Området rundt Spjelneset (bildet) luktar svært dårleg og sjøen har vorte grøn på farge. Omveltingar i vassmassane får skulda. (Foto: Atle Vaage)

Fjorden stinkar og sjødyra døyr

Omveltingar i vassmassane er årsaka.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Endre Hopland E-post
Publisert 04.02.2010 kl 14:23 Oppdatert 05.02.2010 kl 11:07

Tips ein venn på e-post:

Den siste tida har Spjelnessundet og området rundt vorte mørk grøn på farge og svært illeluktande.

Den dårlege lukta kjem frå den islagde Fjellangervågen, der det etter alt å døma har skjedd omveltingar av vassmassane under isen.

På same måte som i Lonselva i Knarvik (sjå eiga sak) frys det friske overflatevatnet og søkk til botn, berre for å pressa det dårlege botnvatnet høgare opp. Dette igjen fører til dårleg lukt og vatn som ikkje er leveleg.

- Etter ein lang periode med kaldt vêr er ikkje dette uvanleg, særleg når det er stilt, seier biologiprofessor Arne Johannessen ved Universitetet i Bergen til Nh.

Luktar forferdeleg

Sjøen i området er mørk grøn på farge og luktar alt anna enn godt.

Paul Sundsbø som bur like i nærleiken såg mykje døde sjøstjerner og i alle fall ein fisk som låg med buken i vêret då han var ute med båt tidlegare denne veka.

- Dessutan var det mykje småfisk som gjekk heilt i overflata og nærast snappa etter luft. Det ser ikkje bra ut i det heile tatt, og det luktar skikkeleg dårleg.

- Til og med oppe i byggefeltet kjenner vi lukta godt, og eg veit at når skulen skulle lufta her om dagen måtte dei berre gi opp fordi lukta var så stram, seier han til Nh.

Skal ta prøvar

Professor Johannessen kan fortelja at grønfargen nærast garantert skuldast ei algeoppbløming.

- Det er litt tidleg på året for oppbløming av algar, men det er nok det som har skjedd. Har du lite vind, klårvêr og sol som gir lokal oppvarming kan ein oppleva ei oppbløming av algar også no om vinteren, seier biologiprofessoren.

Johannessen og andre forskarar frå universitetet skal ut i Lindåsosane neste veke for å ta den fossile sildestammen i fjorden nærare i augesyn.

Då skal dei i same slengen ta nokre målingar i Fjellangervågen på oppdrag frå Lindås kommune.

...

Store steinblokker rasa ut

Meland Stengd mellom Mjåtveit og Dalstø. Les meir

...

Klart for Hot Club de Norvege

Puls Det blir både sag og svingande rytmar når Hot Club de Norvege skal få Knarvikmil-veka til å svinga fredag kveld. Les meir

...

Plateklare på heimebane

Puls Heimalanné slepp plate nummer fem. Les meir

...

Vil ikkje tvangsflyttast

Gulen Hilmar (75) nektar sjukeheim. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Endeleg i mål!

Puls På Nordkapp. Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Evanger bru - Bolstadtunnelen, ved Godfarskolten
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til torsdag og lørdag fra 07:0...
Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Sveio - Stord (Bømlafjordtunnelen)
Redusert framkomst:
Manuell dirigering på grunn av vedlikeholdsarbeid i periodene: Søndag og mandag...
Ev 39 Osvegen, ved Hamrevegen (i Bergen kommune)
Redusert framkomst:
Manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til torsdag fra 20...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.