Fisken truleg forgifta av naturen sjølv.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 03.02.2010 kl 17:01 Oppdatert 04.02.2010 kl 10:11 |
Daud aure ligg i hopetal i den vesle elva som renn frå Lonena og nedover under jorda i Knarvik. Truleg er fisken forgifta av naturen sjølv.
Både Lonena og store delar av Lonselva i Knarvik ligg under is og snø. Det kalde vêret er truleg årsaka til at mykje av bekkeauren i vassdraget har avgått med døden.
Like nedanfor parkeringsplassen ved Nordhordlandshallen ligg eit tjuetals småaurar med buken i vêret, og i følgje ekspertane er det altså god sjanse for at dette er naturen sitt eige verk.
- Det kan vera fleire ting som er skuld i at fisken er død. Det kan vera eit fysiologisk problem, og dødsårsaka kan rett og slett vera ein direkte konsekvens av kulden.
- Vert det for låg temperatur i eit vatn, og det vert så godt som gjennomfrose, risikerar fisken å døy. Særleg dei yngste og mest urutinerte fiskane er i faresona, seier Arne Johannessen, biologiprofessor ved Universitetet i Bergen til Nh.
Forgifta av vatnet
Lonselva ligg langt frå gardsbruk, så utslepp av til dømes silosaft er usannsynleg.
Riktig nok har det vore ein del gravingsarbeid lenger oppe i elva tidlegare i haust, men dette skal i utgangspunktet ikkje påverka den hardføre auren nemneverdig.
Johannessen har i dette tilfellet meir tru på ein naturleg død, som ikkje er heilt uvanleg når det er lengre kuldeperiodar.
- Ein moglegheit er at fisken har fått for lite oksygen. Det som kan ha skjedd er at kulden har ført til ei omrøring av vassmassane, der friskt overflatevatn har frose og søkke, medan dårleg botnvatn har stige til overflata.
- Fisken søkjer friskt vatn i vassflata, og kan ha vorte fanga i det vi kallar ei sulfidlomme. Sulfidar er giftige, og vil drepa fisken, seier professoren til Nh.
Uheldig graving
Fiskeforvaltar Atle Kambestad hjå Fylkesmannen kan fortelja at det nesten alltid er utslepp som er årsaka når det er omfattande fiskedød i eit vassdrag.
- Eg er ikkje så kjend i dette området, men om det ikkje er landbruk i nærleiken er det ikkje utenkeleg at det er oksygenmangel som har tatt livet av fisken. Det har skjedd før.
- Gravinga i elva kan også ha bidrege til å tappa vatnet for oksygenet, i tillegg til at det kan ha vore ein stressfaktor for fisken, seier Kambestad til Nh.
Dei 20-25, daude aurane som er synlege frå gangvegen ved elva er alle mellom 15 og 25 centimeter. Dette er noko større enn yngelen som vanlegvis er å sjå i elva på sommartid.
Det er med andre ord grunn til å tru at fisken eigentleg høyrer heime i sjølve Lonena.
Ukjend for kommunen
I Lindås kommune kjem rapporten om fiskedøden som ei overrasking.
Landbrukssjef Nils Kaalaas hadde ikkje høyrt om daud aure i Knarvik før Nh ringte han onsdag føremiddag, og det heile verkar på han svært underleg.
- Dette var merkeleg. Vi har ikkje fått melding om noko utslepp på staden, så kva dette skuldast veit eg ikkje. Fisken kan jo døy av oksygenmangel, men det skjer helst når det er varmt og tørt. Dette her må vi prøva å finna ut av, seier Kaalaas til Nh.
Onsdag ettermiddag var representantar frå kommunen på synfaring på staden for å prøva å kartlegga omfanget av fiskedøden og ta prøvar av vatnet.
Siste kommentarar