Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 03.02.2010 kl 12:50 Oppdatert 03.02.2010 kl 12:50 |
Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) ønskjer at kommunane i Norge skal ha moglegheita til å forby stripping.
Fredag kjem dansarar frå strippeklubben Dreams Show i Bergen for å underhalda på Garveriet i Isdalstø.
På Garveriet sine nettsider vert det reklamert stort for showet. Ordføraren i Lindås er alt anna enn fornøgd med fredagsprogrammet.
– Eg likar dette svært dårleg, men i dag har vi ikkje nokon moglegheit til å forby enkeltshow av denne typen. Det burde vore diskutert om vi kunne få ein heimel til dette. Eg synest det bør diskuterast med våre lokale stortingsrepresentantar, seier Aarhus Byrknes i følgje NRK Hordaland.
Ho legg til at utestadar bør velja andre aktivitetar når dei skal underhalda publikum.
Siste kommentarar