Reidar Haukås vert heidra for mangeårig bygdeboksarbeid.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Randi Bjørlo
E-post
|
|
| Publisert 26.02.2009 kl 08:00 Oppdatert 26.02.2009 kl 08:18 |
Onsdag vart Reidar Haukås tildelt H. M. Kongens Fortenestemedalje i sølv for hans mangeårige, iherdige arbeid for å samla soga om Lindås- bygda for etterslekta.
- I dag vert du berømma for din dugleik, din store arbeidskapasitet, din samarbeidsevne og organisatoriske kraft. Du går til oppgåvene med begeistring og entusiasme og du får andre med deg til aktiv innsats, sa ordførar Astrid Aarhus Byrknes, då ho festa H. M. Kongens Fortenstemedalje i sølv på jakka til Haukås.
Hovudpersonen sjølv kjenner seg audmjuk, takksam og glad.
- Eg er kry for medalje og diplom frå Kongen på vegne av oss alle i bygdeboknemnda, sa han og nytta sjansen til å takka resten av nemnda, bygdefolket, forfattaren og alle andre som har bidratt til at Lindås kommune har fått eit flott bokverk til å visa fram.
Siste kommentarar