CMYK konkurs – butikken på Knarvik senter stengt

Dei kan verta opna på nytt om kort tid.

CMYK-kjeda, som har hovudkontor i Bergen, slo seg konkurs i tirsdag formiddag. CMYK-butikken i Knarvik senter er stengt, men kjem til å opna om få dagar. Foto: Yngve Garen Svardal

CMYK-kjeda, som har hovudkontor i Bergen, slo seg konkurs i tirsdag formiddag. CMYK-butikken i Knarvik senter er stengt, men kjem til å opna om få dagar. Foto: Yngve Garen Svardal (Foto: )

DEL

CMYK-kjeda, som har hovudkontor i Bergen, slo seg konkurs i tirsdag formiddag. CMYK-butikken i Knarvik senter er altså stengt.

– CMYK valde å avvikla dagens drift ved oppbodsbegjæring. Vi brukte tirsdagen til å informera dei tilsette, seier dagleg leiar i CMYK, Lise Færøvik til Avisa Nordhordland.

I alt har CMYK-kjeda 41 butikkar i Norge. Kjeda har spesialisert seg på smykker, klokker og vesker.

LES OGSÅ: Ny kjedebutikk klar for Knarvik senter

Knarvik blant dei mest lønnsame

– Vi kjem til å gå i dialog for overtaking av dei 21 mest lønnsame butikkane våre. Det er dei som går mest i overskot, og er mogleg å driva, seier Færøvik til Avisa Nordhordland.

Ho fortel at butikken i Knarvik senter er ein av desse butikkane.

– To av våre aksjonærar ønsker å kjøpa desse 21 butikkane. Butikken i Knarvik er ein av dei butikkane vi ønsker å overta, og dersom dette går i orden vil butikken i Knarvik senter fortsette drifta som før, med same type varar, fortel ho.

LES OGSÅ: No frir Knarvik senter til brudepara

Håpar å opne igjen

Færøvik seier ho håpar dei får dette til i løpet av få dagar.

– Vi vil vera mellombels stengt i nokre dagar. Dette er ein situasjon vi ikkje kan styra sjølv. Avdelingane må halda stengt heilt til bustyrar har tatt ei avgjerd i samband med oppkjøp av butikkane, seier ho.

Færøvik seier det truleg berre er snakk om å halda stengt i eit par dagar.

– I mellomtida er vi opptekne av å ta vare på dei tilsette. Vi har god kontakt med dei, seier ho.

LES OGSÅ: Knarvik senter auka omsetnaden med 45 millionar kroner i 2015

Steller seg roleg

Ho fortel at de tilsette i CMYK-butikken på Knarvik senter har takla situasjonen fint.

– Dei har nok skjønt litt i forkant. Butikksjefen har visst om resultata. Dei tilsette steller seg roleg, og antar dette vil gå bra, seier ho.

På landsbasis betyr konkursen at 105 personar mister jobben.

– Kvar enkelt butikk har vore viktig for oss, så dette er ei tung avgjerd, men nødvendig fordi vi vil redda halvparten av arbeidsplassane, seier Færøvik.

På CMYK på Knarvik senter er det ein person tilsett i full stilling, ein i halv stilling og tre ekstrahjelper.

Avisa Nordhordland har ikkje lykkast med å få kontakt med senterleiar på Knarvik senter, Åge Torsvik.

Artikkeltags